Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Eit visuelt dokumentarteater om pionérane i det norske oljeeventyret. (Bell-check: Sikkerhetsprosedyrane dykkarane gjennomgår før dei iverksett eit dykk.) På 60-talet var Noreg eit lite, karrig land i utkanten av Europa. I løpet av 70- og 80-talet utvikla landet seg til å bli eit av dei rikaste i verda. Vi fann olje. Det norske oljeeventyret handlar om Kontinentalsokkelen, delelinja og Jens Evensen, Phillips og Statoil. Pionérdykkarane var tøffe gutar med høge lønningar. Vi kjenner glansbiletet. Men kven har høyrt stemmane til dei gutane som gjorde grovarbeidet nede på havbotten? (2x4 dykkarar) Bell-check er multiteater. Ei visuell framsyning sett saman av lyd, lys, bilde og video. Ein inntrykkscollage som bombarderer sanser, kjensler og intellekt. Framsyninga skal berøre og engasjere, skape dialog og konfrontasjon, setje aktuelle problemstillingar på dagsorden. I spenninga mellom dei tørre fakta og dykkarane sine eigne sterke opplevingar vil forestillinga Bell-check sette den norske staten på tiltalebenken. Er lagnaden til dykkarane einestående, eller seier dette noko om det samfunnet vi alle er ein del av? Dette er Barske Glæders åttande produksjon. Når Janne Langaas entrar scenen har ho sterke, kreative medhjelparar i ryggen. Lene T. Teigen er regissør, Aase-Hilde Brekke har ansvar for video, Marianne Thallaug Wedset og Merete Bostrøm står for scenografi, kostymar og lys, og Tov Ramstad har lyddesignet. Framsyninga er eit samarbeidsprosjekt med Det Norske Teatret og er støtta Norsk kulturråd, Fritt ord, Spenn.no og Fond for utøvende kunstnere.
Av Janne Langaas Regissør og dramaturg: Lene Therese Teigen Scenografi/kostyme: Merete Bostrøm Scenografi/lys: Marianne Thallaug Wedset Lyd: Tov Ramstad Video: Aase-Hilde Bakke