
Skodespelar Irene Waage har alltid vore glad i dramatikken til Jon Fosse sin dramatikk. Men det er gjennom dikta hans ho verkeleg blei kjend med forfattaren. Dei er begge frå små vestlandsbygder der vér og vind er vanlege samtaleemne. Ikkje fordi det er det einaste å snakke om, men fordi det er det enklaste å snakke om.
Irene Waage har saman med komponist og gitarist Morten Færestrand sett melodi til utvalde dikt. Ho på song, lesing og improvisasjon. Han på gitar og elektronikk. Fossejazz er er dikt av Jon Fosse i eit jazzlandskap. Bli med på ei lita reise i vestlandets vakre melankoli. Baren opnar i salen 30 minutt før framsyningsstart.

"Det varte lenge
før regnet kom
lenge varte det
men regnet kom og
så var regnet der
og igjen venta du på regn"
Speledagar
Premieredato:
15.10.2010
Pris:
Kr 150
Speletid:
45 minutt utan pause
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00