Alle har eit soundtrack i livet sitt. Songar som passar ulike høve, stemningar og kjensler. Du høyrer noko på radioen og du tenkjer: slik har eg det no. Strykarar eller kan hende rock. Eller country. Livet blir ulikt om ein set ulik musikk til det. Nesten som ein film.



Ein pluss ein er ein. Forelskinga som nesten viskar oss ut som individ. Og den grunnleggjande einsemda me ikkje kan overvinne. To er alltid to. Vi er skilde og vi høyrer saman. Og det er ikkje alltid lett å seie kva vi tenkjer og føler for kvarandre. Da kan det vera greitt å ha køntrimusikk.



Countrymusikken er ikkje redd for å dvele ved dei store kjenslene. Dei som gjer at vi kjenner oss att og dei som skiljer oss. Det feminine og det maskuline og kjensler som einsemd, forelsking og sjalusi blir ofte skildra på ein direkte og ukomplisert måte i countrysongar. Kanskje dette enkle er noko av grunnen til at countrymusikken er blitt forvist frå den finkulturelle sfæren.  I alle høve er det ikkje godt å vite kva ein skal gjere med alle desse kjenslene. Kvela, dvela eller dela? Men at vi har dei, det er sikkert.



I Køntrilåvv vil de få høyre mange av dei store countryperlene i ny norsk gjendikting av skodespelar Duc Mai-The. Ragnar Hovland har skrive historia om Ho og Han. Køntrilåvv er ein bit av av historia til to menneske, ei kvinne og ein mann. Dei har levd litt. Dei har farta litt kvar for seg og litt saman. Dei kan ikkje heilt leve i hop og ikkje heilt utan kvarandre. Ingrid Jørgensen Dragland og Duc Mai-The er Ho og Han. Vidar Løvstad speler strengeinstrument. Marie Forr Klåpbakken speler fele. Ole Kristian Wetten speler bass. Små ord, store kjensler. Og, eit band. La køntrien fløyme.



Utdrag frå spelelista:
”Don’t”- Leiber og Stoller
“Islands in the stream”-Bee Gees
“Will you still love me tomorrow”- Gerry Goffin og Carole King
“Stand by Your Man”- Billy Sherrill og Tammy Wynette

Les intervju med skodespelar DUC MAI-THE i magasinet det norske

Baren opnar 30 minutt før framsyningsstart.


Samproduksjon Det Norske Teatret / Gut og Kar Produksjoner. Framsyninga er støtta av Fond for lyd og bilde og Fond for utøvende kunstnere. 

Speledagar

loading..
Premieredato:
8.9.2010
Pris:
Kr 275
Speletid:
Ikkje avklart enno

PÅ SCENEN:

KØNTRILÅVV

Av Ragnar Hovland 
og Duc Mai-The


Regi:
Arvid Ones
Koreografi:
Ane Smørås
Lysdesign:
Marius Lee Berg
Musikalske arr.:
Vidar Løvstad
Scenografisk ass.:
Nora Furuholmen


MUSIKARAR:
Marie Forr Klåpbakken
Ole Kristian Wetten
Vidar Løvstad

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00