Kva skjuler seg i blikket, i relasjonane mellom mor, son, far, dotter. Er alt normalt, eller berre nesten normalt?



Next to Normal er ein ny type popmusikal som rører med sine sterke historier klypt rett ut av moderne familieliv. Musikken er drivande og fengande, replikkane kjappe og dei mange flotte låtane driv både handling, kjensler og konfrontasjonar. Her er både løgner, pillemisbruk og røyndomsflukt. Resultatet er ein meiningsfull, aktuell og kraftfull musikal der historiene gjer eit djupt inntrykk på publikum.



Vi følgjer ein tilsynelatande vanleg forstadsfamilie med generasjonsmotsetningar og moderne livstillsslitasje.
Diana, hovudpersonen i stykket, ei husmor midt i livet, sit oppe og ventar på den 18 år gamle sonen Gabe som kjem alt for seint heim. Dottera Natalie treng trøyst og mannen Dan treng sex. For å finne seg sjølv gir Diana avkall på dei ho elskar, mannen sin og illusjonane ho har vove seg inn i. Slik blir Next to Normal òg ei moderne frigjeringshistorie.



Next to Normal er sjangeroverskridande og det krev sin skodespelar. Med Heidi Gjermundsen Broch, Frank Kjosås, Charlotte Frogner, Jon Bleiklie Devik, Lasse Kolsrud og Thomas Bye på laget vil det truleg gå meir enn fint.




Les portrett av HEIDI GJERMUNDSEN BROCH i magasinet det norske
Les intervju med JON BLEIKLIE DEVIK i det norske




 

Speledagar

loading..
Premieredato:
3.9.2010
Pris:
Kr 460
Speletid:
Ikkje avklart

PÅ SCENEN:

Next to Normal

Av Kitt / Yorkey
Omsetjing: Odd. W. Surén


Regi:
Svein Sturla Hungnes
Regi/koreografisk ass.:
Marianne Skovli Aamodt
Scenografi:
Even Børsum
Kostyme:
Unni Walstad
Lys: 
Ola Bråten
Dramaturg:
Ola E.Bø
Musikalsk ansvar:
Atle Halstensen
Kapellmeister:
Svenn Erik Kristoffersen

Musikalsk innstudering:
Svenn Erik Kristoffersen /
Ståle Sletner/Atle Halstensen



Teaterforlag:
Nordiska Aps 

Musikalen som kammerspel; les intervju med Frogner, Broch og Kjosås i Aftenposten

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00