Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Skodespelar Magne Lindholm takkar for seg som fast tilsett på Det Norske Teatret med framsyninga Kæin du spelle trekkspell, sulter du itte i hæl. Lindholm vel frå si øvste hylle og vil framføre musikalsongar, viser, monologar, i det heile; scener frå eit langt skodespelarliv. Med seg har han to strålande musikarar, Svenn Erik Kristoffersen og Svein Johann Ose. Magne Lindholm har vore fast tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1971. Han var sist å sjå som prest i suksessmusikalen Jesus Christ Superstar og kan elles vise til eit svært variert repertoar i løpet av eit langt liv som skodespelar. På bilda ovanfor: Magne Lindholm i Så lenge skuta kan gå (1978), som prest i Jesus Christ Superstar (2009) og som Marcel saman med Britt Langlie som Piaf i Piaf (1980).
Ein kabaret sett saman av Magne Lindholm Musikarar: Svein Johann Ose Svenn Erik Kristoffersen Musikkansvar: Svenn Erik Kristoffersen