Vi er i ein residens på eit høgdedrag over byen. Micheleine, kona til generalen har tatt i mot ein utanlandsk journalist og den lokale tolken hennar. Saman ventar dei på at generalen skal komme heim, men han let vente på seg. Til stades er også Genevieve, Miceheleines gode venninne gjennom mange år.



Fire kvinner mellom fire vegger, ulike nasjonalitetar, språk og kulturelle referansar, ulik etnisk bakgrunn og sosial rang. Vi får presentert historia som eit splintra bilde der rollene gjennomlyser bitane frå ulike vinklar. Utanfor rasar borgarkrigen, inne blir eit blendverk av livsløgner skrelt bort.



Abi Morgan er ein av Storbritannias mest framståande dramatikarar, og har skrive både for teater og fjernsyn. Med Blendverk har ho skrive eit intelligent og utfordrande stykke som grip rett inn i vår urolege samtid. Stykket blir sett i scene av Torkil Sandsund, som tidlegare har sett opp to kritikarroste stykke på DNT, Tvillingar av Agota Kristof (2007) og Så blir det stilt av Arne Lygre (2009).




 

Speledagar

loading..
Premieredato:
12.2.2010
Pris:
Kr 275
Speletid:
1 t 45 min utan pause

PÅ SCENEN:

Blendverk

Av Abi Morgan
Omsetjing: Brit Bildøen


Regi:
Torkil Sandsund
Scenografi:
Helge Hoff Monsen
Kostyme:
Line Jeanette Antonsen
Maske og parykk:
Nina Bloch
Lys:
Gyril Høgberg
Video:
Raymond Stubberud
Lyd:
Torkil Sandsund 

Forlag:
Nordiska ApS

"Blendverk er blitt en veldirigert undergangsfuge", skriv Morgenbladet.
scenekunst.no: "Forestillingen er ambisiøs og krevende – og godt utført.

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00