Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Dette er eit klassisk amerikansk familiedrama som får oss til å tenkje på både Tennessee Williams, Eugene O’Neill og David Mamet. Men det er nytt og ein av dei store publikumssuksessane både på Broadway, i London og no over heile Skandinavia. I Familien er vi i Osage County (tilsvarande eit fylke) i dramatikarens heimstat Oklahoma. Når den alkoholiserte patriarken og tidlegare poeten Beverly Weston forsvinn, samlar Weston-familien seg i heimen som Beverly har saman med kona si. Tilhøva mellom døtrene deira, dei meir eller mindre middelaldrande systrene Barbara, Ivy og Karen Weston er ikkje rosenraudt, og mellom dei tre og foreldregenerasjonen finst det òg ein god del kvasse tornar på rosestilken. Desse konfliktane blir heller ikkje mindre av at Vivian, mor i huset, med ei tunge like giftig som ein pytonslange. På manipulerande vis fortel ho døtrene sine om kvar minste feil ho finn ved dei og særleg der ho veit det råkar hardast, anten på sjølvbildet eller samvitet. Etter kvart som sanninga om kva som har skjedd med Beverly kjem for dagen, blir det gamle ordtaket om at ei ulykke sjeldan kjem aleine bevist gong på gong. Når vi når slutten av stykket, har ikkje ein einaste av konfliktane og løyndomane som måtte ha blitt feia under teppet opp gjennom åra i storfamilien Weston (og under dette teppet er det lovleg trongt om plassen!) fått lov til å liggje i fred. Heller ikkje gamle og nye svigersøner, det einaste barnebarnet i familien Weston eller nokon annan slektning i skodespelet fungerer som nøytrale og forsonande instansar i alt det som ulmar under overflata i det forfalne sørstatshuset. Dei bidrar i staden alle med sitt – om dei vil det eller ikkje – til å gjere vondt verre i den allereie trykka stemninga som rår. Maktkampane som utviklar seg i Weston-familien, er ikkje eit vakkert syn. Den einaste som står utanfor konfliktane, og den som held hovudet kaldast oppi denne situasjonen, er indianarkvinna Johnna Monevata, som gamlefar Beverly tilsette til å stelle i huset rett før han forsvann. Trass i den forgifta stemninga i Weston-huset og alt det dystre som kjem fram i løpet av stykket, finst det augeblikk av venleik og ein sår undertone av vonbrot hos fleire av karakterane som hevar stykket langt over nivået til nokon skandale-buskis. Familien er ikkje berre gjennomsyra av einsemd og syrlege kommentarar. Stykket har òg ein slåande humor. Tracy Letts skriv seg med dette stykket inn i den sterke amerikanske realistiske teatertradisjonen som ikkje er redd for å ta opp betente konfliktar og stikke hol på oppsvulma verkebyllar, og karakterane har likskapstrek med dei ein finn både i Eugene O’Neills Lang dags ferd mot natt og Tennessee Williams Glasmenasjeriet. Karakterane i stykket er så gode og replikkane så rammande at alle som er del av ein familie her kan finne noko å kjenne seg igjen i og, tru det eller ei, le av. Familien har med stor suksess spelt på Betty Nansen Teater i København med Ghita Nørby i rolla som den manipulerande og pilleetande mora Vivian og stykket skal òg setjast opp på Dramaten i Stockholm. Les intervju med Britt Langlie i magasinet det norske
Av Tracy Letts Omsetjing: Agnes Ravatn Regi: Svein Sturla Hungnes Regiassistent: Grethe Ryen Scenografi: Siri Langdalen Kostyme: Unni Walstad Lys: Anders Busch Lyd: Jostein Reistad Maske og parykk: Trude Sneve Forlag: Nordiska ApS