Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Don Carlos, Spanias kronprins, er forlova med den vakre prinsessa av Frankrike. Av storpolitiske grunnar er det far til Carlos, kongen i Spania, som giftar seg med prinsessa. Men det strategiske ekteskapet forvandlar seg til ei pasjonert kjærleikshistorie frå hans side, og til ein meir og meir forgifta sjalusi mot den uskyldige sonen. I denne uhaldbare situasjonen oppstår det ein omsynslaus maktkamp i kongehuset. Kongens menn kjempar fortvila for å behalde makta, og nye krefter, som vil ha meir fridom og demokrati, vel Carlos som sin faneberar. Maktkampen sluttar med tragediar der einskildmenneske blir ofra og straffa på dei store ideanes altar. Johann Christoph Friedrich von Schiller (1759-1805) er, ved sidan av Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832), den store klassiske diktaren i tysk litteratur. Friedrich Schiller var berre 23 år gammal, jamgammal med Carlos i stykket, da han sette i gang med det store skodespelet sitt. I dette ungdomsverket er det romantisk glød, men ein ser òg tydeleg klokskapen til ein stor meister og ein menneskeskildrar av format. Ikkje utan grunn blir Don Carlos heile tida spelt på store teaterscenar verda over, og med musikken til den kjende komponisten Giuseppe Verdi (1813-1901) drar det òg publikum til operahusa. Les intervju med Per Kjerstad i magasinet det norske Les intervju med Nicolai Cleve Broch i det norske
Av Friedrich Schiller Gjendikting: Knut Ødegård Regi: Runar Hodne Dramaturg: Cecilia Ölveczky Scenografi: Kari Gravklev Lys: Ola Bråten Lyd: Vibeke Blydt-Hansen Maske: Stig Wedvik