Den framgangsrike oppfinnaren Lette ser fram til kongressen der han skal presentere si siste oppfinning 2cK, ein sterkstraums-stikkkontakt med innebygd overslagssikring. Stort er vonbrotet og sinnet når han oppdagar at sjefen har gjeve oppdraget til assistenten hans. Men kvifor?



”Eg trudde du visste det. Har ikkje kona di sagt noko? Eg har alltid beundra deg for måten du tar det på. Kva da? At du er så usannsynleg stygg, sjølvsagt”



Men den plastiske kirurgen ordnar biffen, bokstaveleg talt. Oppfinnaren Lette, spelt av Svein Tindberg, blir ikkje til å kjenne att. Han blir den sjølvsagde presentatør, og blant damenes også svært ettertrakta for sin kroppslege stikk-kontakt, og for den plastiske kirurgen ein svimlande god reklame. Og snart går det mange rundt med same ansikt som Lette. Kven er kven? Og spelar det eigentleg noka rolle om ein tar feil?



I denne historia held ein av Tysklands mest spelte, unge dramatikarar gjøn med vår tids dyrking av det ytre, med den kosmetiske industrien, og vårt heseblesande jag etter stadig nye identitetar. Ikkje nødvendigvis djupt filosofisk, men god underhaldning med brodd.



 

Speledagar

loading..
Premieredato:
19.3.2010
Pris:
Kr 275
Speletid:
1 time 25 min utan pause

PÅ SCENEN:

Den stygge

Av Marius von Mayenburg
Omsetjing: Jørgen Norheim


Regi:
Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme:
Olav Myrtvedt
Maske:
Ina Boger
Lys:
Eigil Aasen
Regiassistent:
Niklas Gundersen
Dramaturg:
Ola E. Bø


Forlag:
Colombine Teaterförlag

Framsyningsfoto:
Leif Gabrielsen

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00