Velkomen til teaterhuset Det Norske Teatret. Du vil kanskje reagere på at eg kallar teatret eit hus. Men det er nett det vi har som målsetjing, å vere eit kulturhus for heile landet. Vi er ein møteplass for folk flest, både fastbuande og tilreisande. Ein heim for alle som treng levande teater. I kveld skal du få møte ein spansk dramatikar som aldri er blitt spela i Noreg, Lope de Vega. Ein av dei største dramatikarane i teaterhistoria. Eg har valt Historia om ein landsby  (Fuenteovejuna) som «mi» opningsframsyning. Fuenteovejuna er eit nasjonalepos i Spania, på same vis som Peer Gynt her heime. Men her er det ikkje kjærleiken og livsløgna du møter, men kjærleiken og opprøret.
   
Det er folketeater i ordets beste meining; skriven til og folket. Eit sant eventyr om deira kjensler og strid. Spansk temperament, javisst, men ikkje meir spansk enn at det rører ved noko i oss alle. Eg håper du vil leve med.

Vidar Sandem teatersjef  i programmet til Historia om ein landsby


Historia om ein landsby
Lope de er Spanias Shakespeare. Hans mest kjende skodespel byggjer på ei sann historie og fortel om landsbyen med same namn som stykket, Fuente Ovejuna eller Fårekjelda. Dei fattige og fredelege landsbybuarane er heilt prisgitt kommandant Gomez, ein despot som drep og valdtar. Det byggjer seg opp eit intenst hat mot han og til slutt blir han lysnja av ein samla landsby.

Kongeparet Ferdinand og Isabella etterforskar drapet og vil statuere eit eksempel, men landsbyen held saman og røper ikkje namn som kan knytast til drapet. Under tortur og harde forhøyr svarar dei alle som ein at det var Fårekjelda, altså landsbyen, som gjorde det. Slik slepp landsbyen unna straff.



Lope de Vega
Lope Felix de Vega Carpio (1562-1635)  produktivitet var ufatteleg. Han skreiv ein roman, ein rekkje nasjonale, fromme og romantiske epos, sonetter, hyrdedikt osb. Men han var først og fremst dramatikar. Omlag 460 drama er bevart, med motiv frå Bibelen, helgen legenda, oldtida si historie og gudeverda, europeisk mellomalderhistorie og dei italienske novellene - og dernest frå Spania si eigen dramatiske historie, heilt frå vestgotarane og dei kristne sin kamp mot arabarane til Amerika si oppdaging og samtidige hendinga, som slaget ved Lepanto. På same måte dramatiserte jo Shakespeare England si historie i krønikerspel og tragediar.

Han braut mellom anna med kravene til handlingens, rommets og tidens enhet, Sagt med hans eine spøkefulle ord: «Man må hugse at når ein spanier tar plass i teatret, er han så utolmodig at han omgående vil sjå alt, frå verdas skapning til dommedag, i løpet av to timar».

Faren til Lope de Vega varhandverkar - korgmakar og broderar - opprinneleg frå dei kristne goterane sitt land lengst nord i Asturias der gjenerobringa av Spania frå maurarane hadde starta fleire hundre år tidlegare. Tre ting synest å ha gått i arv frå far til son; eit sterkt om enn ustabilt forhold til kvinner, religiøs legning og eit visst anlegg for å skrive vers. I løpet av sitt intense 73-årige liv var Lope de Vega gift to gonger, hadde fleire elskarinner, og av dei mange borna hans var minst seks fødde utanfor ekteskap. Etter å ha tent i ulike religiøse brorskap sidan 1608, vart han vigsla til prest i 1614. Forfattarskapen hans er ufatteleg: Lope de Vega er truleg den mest produktive dramatikaren som nokon gong har levd.



Det katolske kongeparet
Den endelege gjenerobringa av Spania vart fullført i 1492, då det katolske  - kong Ferdinand og dronning Isabella - tvinga den siste resten av det mauriske kongedømmet i kne i Granada.
Historia om ein landsby  kuliminerer i 1476, - då var Ferdinand 24 år gammal, Isabella eitt år eldre, og dei hadde vore gift i 7 år. Ved deira giftarmål vart dei mektigaste landområda i Spania foreina ved ein personalunion; ho vart dronning av Castilla i 1474 og han vart konge av Aragon i 1479. Slik - og ved erobringa av Granada - vart Spania samla til eitt rike. (Navarra kom med i 1512). Og ikkje mange månadane etter at La Reconquista vart sluttført, sende Ferdinand og Isabella ein kjend kaptein, Colombus, ut på ei dristig sjøreise mot vest, og vi veit alle kva den førte med seg!
   
Isabella døydde i 1504, Ferdinand i 1516, og gjennom arvefølgja vart Spania ein mektig del av det enorme Habsburgske kongedømmet som dominerte Europa og koloniar frå Filippinane til California på 1500-talet. Eit rike der sola aldri gjekk ned! I dette riket, som då rett nok alt var på veg nedover bakke, vart Lope de Vega fødd i 1562.....



Janken Varden
debuterte med Stormen på Vinterpalasset  på Riksteatret i september 1967, og er altså 30 års jubilant i år. Han har sett opp ei lang rekkje framsyningar på Nationaltheatret, Fjernsynsteatret, Torshov, Teatret Vårt i Molde og Teater Ibsen i Skien. Janken Varden var rektor ved Statens Teaterhøgskole i perioden 1976-81, og starta instruktørlina same stad. Han var kunstnarleg leiar ved Teatret på Torshov i 2 år, og teatersjef ved Oslo Nye Teater i sju år, frå 1989-1996. Janken Varden har tidlegare (1985) sett opp Jacques og herren hans av Milan Kundera på Det Norske Teatret, også den gong saman med Siri Langdalen og Henning Sommerro.

Til den store Hovudsceneproduksjonen har JANKEN VARDEN henta hjelp frå koreografen SØLVI EDVARDSEN for å skape spansk stemning. EDVARD HOEM og HENNING SOMMERRO har ansvar for omsetjing, songtekstar og  musikk. Scenografien er ved SIRI LANGDALEN.

Kommandanten blir spela av STÅLE BJØRNHAUG. I rolla som Laurencia NINA WOXHOLTT, Pasquale blir spela av INGUNN ØYEN,  i rolla som Flores SVEIN ROGER KARLSEN og Frondoso blir spela av SVERRE SOLBERG. Vidare: ERIK ØKSNES, BJØRNAR TEIGEN, HILDE OLAUSSON, TROND HØVIK, HALLVARD HOLMEN, TORGEIR FONNLID, SVEIN ERIK BRODAL, BJØRN JENSEG, ANDERS T. ANDERSEN, GRETHE RYEN, PER SCHAANNING, JON EIVIND GULLORD, RAGNAR DYRESEN, TONE RINGEN, ULRIKKE GREVE, SVENN BERGLUND, WENCHE LUND, JOHANNA ZWAIG, NINA LILL SVENDSEN, CHRISTER TORNELL. I tillegg kjem ei rekkje vaksen- og barnestatistar.

 

Speledagar

loading..
Premieredato:
6.9.1997
Pris:
Speletid:

PÅ SCENEN:

HISORIA OM EIN LANDSBY

av Lope De Vega
Omsett av
Edvard Hoem
Musikk
Henning Sommerro

Regi
Janken Varden
Scenografi
Siri Langdalen
Koreografi
Sølvi Edvardsen
Musikalsk leiing
Gunnar Aas
Maske
Britt Helen Riise/
Trude Sneve

Lyd
Christian Snilsberg
Lys
Terje Wolmer
Prosjektleiar
Martin Musto

Originaltittel: Fuente Ovejuna,
bearbeidd på grunnlag av Adrian Mitchells engelske versjon

Teaterforlag: Nordiska Strakosch Teaterförlaget APS

Foto
Erik Berg

Musikarar

På scenen:
SVEIN JOHANN OSE,
GUNNAR AAS,
TOM SIMENSEN
ROLF MALM

Musikkopptak:
TOM BERG,
HANS FREDRIK JACOBSEN,
HENNING SOMMERRO,
GUNNAR AAS,
SVEIN JOHANN OSE

Statistar

MARIANNE WESTBY,
ROY CHRISTIAN BRÅTHEN,
ARNE VEER,
ARILD SVENSGAM,
WALTER MATHISEN
LARS VUTTUDAL
KJETIL LYSEGGEN
ALEKSANDER BRUUN-OLSEN,
PER GUNNAR GUNDERSEN
TOM EIDSVOLD LARSEN,
ERLEND STAMNES
TIM BOTHNER

Barn: ERIKA CALMEYER
MONICA HUSUM NILSEN
MARIUS ROLSTAD ANDERSEN
BASTIAN STABELL

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00