
Det er med stoltheit og glede at vi for tredje gongen kan presentere ein prosjektrunde med DUS. Dei første DUS-festivalane vart arrangerte våren 2005, og DUS har sidan da berre vakse, med nesten dobbelt så mange grupper no som i første runde. I løpet av våren 2009 vil det bli arrangert åtte regionale festivalar.
Runden blir avslutta med ein ny nasjonal festival på Det Norske Teatret 11.–13. juni.
Følgjande dramatikarar og teaterstykke står på årets spennande DUS-program:
Kate Pendry (f. 1965) voks opp i London, men har vore busett i Noreg sidan 1995. Pendry er multiartist, forfattar og instruktør. Ho har skrive og produsert tolv teatertekstar sidan ho kom til Noreg. Ho har òg vist framsyningar og installasjonar i utlandet. I 2002 blei Kate Pendry tildelt Danse- og Teatersentrums Scene-kunstpris for framsyninga Sex In The Warzone. Framsyninga hadde premiere i Kosovo i 2002. I 2004 blei ho kåra til Årets Kvinne av RadiOrakel, og i 2006 blei Pendry utnemnd til ein av Årets Kulturpersonar av Glas Istra i Kroatia.
Erasmus Tyrannus Rex
Mats er komen tilbake til ungdomsskolen i Noreg etter ein periode i USA. Han er forandra , og dei andre elevane lèt seg overtale til å bruke det nye namnet hans: Erasmus Tyrannus Rex. Skolen er dominert av to gjengar, Pornopungar (gutar) og Horekjeks (jenter). Erasmus blir leiaren deira då han lovar 'nye tider'. Konsekvensane blir ekstreme for alle. Erasmus Tyrannus Rex er eit spel i Brechts tradisjon av politiske teater. Mytehistoriene om mellomalderens barnekorstog, notidas norske nyheiter, og gymnasmassakrane ved Columbine og Jokela har vore inspirasjonskjelder.
Erlend Sandem (f. 1977) debuterte som dramatikar på Det Norske Teatret i 2006 med stykket Ned til Sol (regi Eirik Nilssen Brøyn). I 2005 fekk han med denne teksten tredjeprisen i Svensk–Norsk dramtikartevling. Ned til Sol blei òg plukka ut til biennalen Neue Stücke aus Europa i Wiesbaden i 2006. Sandem vann førsteprisen med Strekkode i Ibsenjubileets dramatikkonkurranse 100 og NÅ. Strekkode blei sett opp av Den Nationale Scene i Bergen, og spelt under Dramatikkfestivalen i 2006. Erlend Sandem vann Heddaprisen som årets debutant i 2006. Riksteatret sette i 2008 opp Sandems tekst Zivil. Det nyaste stykket hans Sur grus hadde urpremiere på Det Norske Teatret våren 2009.
Blowing Bubbles
Det er natt til 1. mai. Live, Hans, Thomas, Rikke, Kim og Thea samlast i skolegarden for å feste. Alle har ulike draumar om kva kvelden vil bringe, men lengten etter å bli vaksen så raskt som råd får konsekvensar. Og kva gjer ein når livet blir for tøft? Blæs såpebobler, kanskje...? Blowing Bubbles stiller spørsmål om verdiar og om ansvar, og viser fram det menneskelege ønsket om å bli likt og godtatt.
Kim Atle Hansen (f. 1981) er utdanna dramatikar og skodespelar frå Pilotprosjekt for dramatikarar og Akademi for Scenekunst. Einaktarane hans er blitt spelte på Nationaltheateret og Det Norske Teatret, sist Bedre enn sjokolade på Det Norske Teatret. Han har iscenesett nokre av sine eigne tekstar, m.a. Ibsenomskrivinga Sancthansnatten - et makkverk, som blei spelt på Den Nationale Scene i 2006. Han jobbar òg som auteur-aktør i gruppa Fantastic Four.
Buy Nothing Day
Petra og Andreas vil, i anti-kapitalismens ånd, sprengje eit kjøpe-senter; søstrene Irene og Katharina skal syngje på ein konsert for den utryddingstrua isbjørnen og håpar på eit gjennombrot; Thomas og Peter jobbar deltid på ein sjukeheim og går til demonstrasjon for å betre kåra; og Hanna-Elise er berre generelt mistilpassa og frustrert over menneska rundt henne.
Buy Nothing Day handlar om eit ungdommeleg politisk engasjement, og korleis det på same tid er naivt og fundamentalt. Det er eit tankeeksperiment om kva konsekvensar eit slikt engasjement kan få, for samfunnet og individet, for engasjementet og den "politiske karrieren". Spørsmålet er om slike handlinger gjer samfunnet betre, eller gjer nett det motsette. For kva er eigentlig eit betre samfunn?
Bjørnar Lisether Teigen (f. 1971) er opphavleg utdanna skodespelar frå Teaterhøgskolen i Oslo i 1995. Han fekk Heddaprisen for teaterstykket Det tredje tegnet i 2004. Framsyninga blei spelt på Teatret Vårt i Molde og på Ørebro Landsteater. Teigen har skrive Ansiktet på Mars i 2005 som blei sett opp på Teatret vårt i Molde, i Berlin og på Hedmark Teater. I 2006 skreiv han Lukten av grønt gress for Teatret Vårt i Molde, og monologen Unnskyld meg altså, som òg var på turne rundt i landet. Bjørnar Teigen er aktuell med det nyskrevne stykket Det regner aske på Teatret Vårt i Molde (2009), og skriv i tillegg på eit tingingsverk frå Divadlo Astorka Korzo Teater i Tjekkia og Teatret Vårt i Molde med premiere i 2010. Teigen jobbar òg som regissør.
Blå himmel grønn skog
Fem vener står att etter ei gravferd. Dei har nett sett kista med Ine bli senka ned i grava. Før var dei seks, no er dei fem. Ine blei funne livlaus i ei elv. Ho hadde på seg ein kvit kjole. Rundt halsen hadde ho kjedet dei fem gav henne i bursdagsgåve. Alle andre har dratt frå gravferda, men dei fem står att. Dei står att fordi dei ikkje heilt kan forstå at Ine er død. Ine som var god i alt og som var så rask på 60-meteren er borte.
Sigmund Løvåsen (f. 1977) debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, som han fekk Tarjei Vesaas´ debutantpris for. I 2006 kom oppfølgjaren Brakk. Han debuterte som dramatikar med stykket Daga, sett opp på Hedmark Teater i regi av Eirik Nilssen Brøyn. Løvåsen har studert ved Forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg.
Vente på fugl
I ein kjellar står ein soldat framfor ein vegg med enkle måleri. Kven har vore der, og kvifor har dei måla akkurat desse bilda? Han ser føre seg kva som har hendt i rommet: Under ein flyalarm søker sju unge menneske tilflukt i kjellaren. Dei blir dratt mellom ønsket om å vite kva som skjer der ute, og redsla for kva dei skal få vite. Krigen står stadig meir konkret og vond fram for dei, ikkje minst når den døyande Lisa blir boren inn i rommet. Dei blir pressa til å gå ut for å søke hjelp. Soldaten trer inn for å hindre dei i å gå ut då han veit at han skal møte dei. Han prøver desperat å gripe inn i historia og å rettferdiggjere sine eigne handlingar.
Haddy J. N’jie (f. 1979) er utdanna journalist ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo, og har mellom anna jobba i NRK og fleire dagsaviser. Som musikar og songar har ho utgitt CD’ane White lies (2005) og Welcome Home (2007). Ho er med i Cabaretgruppa Queendom, der ho både er tekstforfattar og skodespelar. Ho har publisert noveller i ulike antologiar og i 2008 gav ho ut barneboka Dans dans på Cappelen Damm forlag. Ho har òg ei eiga kommentarspalte i Dagbladet på laurdagar.
Fredrik Lyngås Pedersen (f. 1967) (som saman med N’jie har skrive Jeg vet hvorfor) har studert litteraturvitskap og jobba som journalist, fotograf og musikar. Han har hatt konsertar med eige materiale og har i tillegg skrive musikk til Haddys cdar. Han har drive kulturkafe og var på slutten av 1990-talet med på å starte Papadada - ein alternativ sceneperformance på ulike utestader i Oslo.
Jeg vet hvorfor
Kva er det med Maria? Det er sommarferie. Dei andre soler seg og planlegg strandfest. Men ikkje Maria. Livet hennar er snudd opp ned og ho sit på togstasjonen med ein sekk ved føtene. Ho har tatt eit val. Det viser seg å vere eit val på liv og død. Jeg vet hvorfor skildrar korleis søskenparet Maria og Matias i løpet av eit dramatisk sommardøgn blir tvungne til å finne eigne løysingar i ein uløyseleg situasjon.