Den legendariske rockeoperaen Jesus Christ Superstar skriven av Tim Rice (tekst) og Andrew Lloyd Webber (musikk) har denne hausten gått for fulle hust på Hovudscenen på Det Norske Teatret. 
 
 

I 1970 kom rockeoperaen ut på plate, og gjekk til topps på hitlistene i USA. Filmen frå 1973 har òg blitt ein klassikar. Historia skildrar Jesus’ siste dagar med musikk, rock og dans som ramme, noko som vekte både protestar og jubel. 

Vokalisten Hans-Erik Dyvik Husby frå Turboneger er ein av dei verkeleg store norske rockestjernene. Bandet har ein stor fanskare både heime og internasjonalt. Turboneger er særleg kjend for dei spektakulære sceneshowa og den unike death-punken. Når Hans-Erik Dyvik Husby no tek steget frå musikkscenen til teaterscenen måtte det bli i hovudrolla som Jesus i Jesus Christ Superstar. 

Les intervju med Hans-Erik Dyvik-Husby i magasinet det norske
 


Sjå innslag på Dagbladet frå pressevisinga
Sjå innslag på Dagsrevyen frå pressevisinga
Les og sjå bilde på Side2 frå pressevisinga
Les VGs artikkel frå pressevisinga

Les Oslopuls artikkel om framsyninga
Sjå TV-innslag på NRK frå første leseprøve

Sjå TV-innslag på oslopuls
Sjå TV-innslag på ABC Nyheter
Sjå TV-innslag på NRK |
Sjå innslag på TV2
Les intervju i Aftenposten med hovudrolleinnehavaren.
Les intervju i Avisa Nordland.
Les intervju i VG.   

 
 

Erik Ulfsby har regi på Jesus Christ Superstar. Han gjorde stor suksess i fjor med kultframsyninga Jungelboka på Det Norske Teatret. Her er handlinga lagt til ein mørk asfaltjungel og framsyninga er proppa med popkulturelle referansar, elektronika, break og hiphop.



I Det Norske Teatrets utgåve av Jesus Christ Superstar ønskjer vi å plassere historia tydelegare i samtida vår. Kven har Jesus rundt seg? Kva gjer han opprør mot? Kven solidariserer han seg med? Og kven er motstandarane hans? Oppsøkjer Jesus Bispemøte eller uteliggjarar, stortingsrestauranten eller Plata?
Kven vil samle seg rundt Jesus som disiplane hans, og kven vil dømme han?

Les intervju med Hildegun Riise i magasinet det norske
 



Regissør Ulfsby og rockar Husby har funne kvarandre i ønsket om å lage ein versjon av Jesus Christ Superstar som igjen gjer Jesus til ein aktuell opprørar. Scenografi i Jesus Christ Superstar er ved Nora Furuholmen, kostyme ved Even Børsum, koreografi ved Belinda Braza og musikkprodusent er Atle Halstensen.

 

Speledagar

loading..
Premieredato:
3.9.2009
Pris:
Kr 440
Speletid:
2 t 10 min inkl.pause

PÅ SCENEN:

JESUS CHRIST SUPERSTAR

Musikk:
Andrew Lloyd Webber
Tekst:
Tim Rice
Omsetjing:
Ola E. Bø

Regi:
Erik Ulfsby
Koreografi:
Belinda Braza
Scenografi:
Nora Furuholmen
Kostyme:
Even Børsum
Dramaturg:
Ola E. Bø
Musikalsk ansvarleg:
Svenn Erik Kristoffersen
Musikalsk innstudering:
Ståle Sletner /
Svenn Erik Kristoffersen

Musikkprodusent:
Atle Halstensen
Maske/parykk:
Stig Wedvik
Lysdesign:
Terje Wolmer /
Ola Bråten

Lyd:
Tore Gustavsen



Jesus Christ Superstar 1990
 

 

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00