

Vi er i bygningen som ein gong husa Det Norske Teatret. Medieverda har teke over alle kunstnarlege ytringar. Den ærverdige nynorskinstitusjonen fungerer som gamleheim for skodespelarar med fortid som stjerner i dei klassiske verka til Shakespeare, Molière og Goethe, og i minneverdige musikalar frå den store perioden på slutten av 1900-talet.
Les om Wenche Foss´ begeistring for Evig ung!

Skodespelarane bur no i dei gamle garderobane sine, kler seg i kostyme og et rekvisittar. Ein gong om dagen blir dei tekne med framfor jernteppet på hovudscenen til ei kulturell hyggestund med salmar og barnlege fysiske aktivitetar. At hygga tar ei heilt anna retning enn bestyrarinna og publikum trur, er ikkje meir enn ein må vente.
Følg produksjonen på
BLOGG!
VIDEO
SJÅ VIDEO FRÅ FRAMSYNINGA
Forever young
Det har gått 30-40 år, men under ein gebrekkleg fysikk bankar enno unge, ville hjarte, gjøglarglede, autoritetsangst og ungdommeleg opprør. Nykkene har overlevd, det same har vondt blod og gamal kjærleik, og ikkje minst talentet og alle dei gamle rockelåtane ein kunne framføre betre enn nokon annan. Kort fortalt, generasjonen som nekta å bli gamal, som ville vere evig ung, Forever Young. Men som slit.

Songdrama
Evig ung er ikkje nokon musikal. Det finst verken nyskriven musikk, ei nydikta original historie, eller strålande scenebilete med dansarar og stort orkester osb. I Erik Gedeons songdrama er det skodespelarane som står i sentrum, og musikken vel han blant perlene i pop- og rockemusikken, låtar som har både tekstleg og ikkje minst musikalsk dramatisk kvalitet. Desse praktnummera flettar han så inn i ei enkel historie som seier noko om den verda vi lever i. I Evig ung vil han seie noko om å ha respekt for dei gamle, og det begynner med at vi ser dei, prøver å forstå dei og ikkje isolerer dei som ei unyttig gruppe i eit effektivt fellesskap. Humor er å le med dei, ikkje av dei.

Den svensk-sveitsiske musikaren og teatermannen Erik Gedeon har gjort furore med sin musikalske teaterleik. Gapskratten har runga både i Hamburg og i Dresden. Kanskje fordi det ligg eit sårt alvor like under overflata.
NRKs komiprisen 2009: Evig Ung fekk prisen for beste framsyning og Charlotte Frogner fekk prisen årets gjennombrot.
Les intervju i magasinet det norske med regissør Erik Gedeon
Les intervju i det norske med Charlotte Frogner
Les intervju i det norske med Anders Rogg