

Audiens av Vaclav Havel.
Til minne om Alfred Radok.
På Bryggerimeisterens kontor.
Bryggerimeisteren: Jack Fjeldstad. Forfattaren Tom Tellefsen
Vaclav Havel, tsjekkisk forfattar, skrive ti skodespel. Han var ein av dei
første talsmenn for Charta 77 og fekk fire og eit halvt års fengsel. Slapp ut
at i fjor, men har forbod mot å skrive.
Ein kveld
om lagnaden til menneske i diktaturets land, om fangen og vi andre, om fangar og tortur, den tortur som går føre seg i ein skremmande stor del av verda den dag i dag, om den tortur som er menneskets lagnad, mennesket som er fødd med trongen til å skjøna kva og kvar og kvifor, men ikkje har fått evner til å kunne svara om enn over-ego og andre og vårherre krev svar og torturerer aldri så mykje.

Eg tenkjer ofte på deg av Arthur Miller.
På forfattarens arbeidsrom.
Forfattaren: Odd Furøy. Vaclav Havel: Tom Tellefsen
Arthur Miller, amerikansk forfattar. Han har skrive fleire skodespel, mest
kjent er Ein seljars død. Han er no i 1984 68 år gammal og har ikkje skrive
noko på lenge.
Om mennesket som held ut, ikkje gir seg, ikkje sprekk, ikkje går på akkord, ikkje svik. Om fangen som blir stilt ut på torgscenen i alle diktaturets byer til alle tider og blir tiljubla av massane som kanskje likar å sjå syndebukkar og gler seg over at nokon har det verre enn dei sjølve. Om fangen som blir tiljubla på den scenen som er verda av dei med redde sinn, nok mat og dårleg samvit. Men jubel døyr ut når fangen ser dei jublande i auga og utan å seie det seier at det er deira fridom og velferd han lir for.

Duell med Havel av Eugene Ionesco.
I ei fengselscelle.
Beranger: Odd Furøy, Vanek Havel: Tom Tellefsen
og Fengselsvakta: Jack Fjeldstad.
Eugene Ionesco, rumensk forfattar busett i Paris. Kjend for m.a. Nashorna,
Privattimen og Stolane. Har er no i 1984 72 år gammal og har ikkje skrive
noko på lenge.
Katastrofen er menneske i dei pinestyrte landa. Katastrofen er òg sjølve mennesket, det tragisk ufullkome. På festival i Avignon sommaren 1982 arrangerte AIDA, internasjonalt forbund for vern av forfulgde kunstnarar, ei natt i minne om Vaclav Havel. Programmet varte frå kl. 10 kveld til 5 morgon, den tida fangar får til søvn. Fleira forfattarar sende helsingar til denne natta m.a. Miller, Ionesco, Beckett. Det dei sende, blir vist i kveld saman med Havels Audiens, skrive i 1975.
BjE

Kva kvar av Samuel Beckett
Bam: Odd Furøy. Bom: Jack Fjeldstad. Bim: Ragnhild Hilt. Bem: Tom Tellefsen.
Kva kvar er tatt med fordi det passar med kveldens tema.
Samuel Beckett, irsk forfattar. busett i Paris. Han er no i 1984 78 år gammal
og seier at dette er det siste han gjer for teater.
Frå brev: Havel til Beckett
Det kan vera det er eit snodig uttrykk, men eg kjem ikkje på noko betre: Heilt frå første stunda vart De for meg ein guddom i åndens rike. Eg vart uvanleg sterkt påverka av Dykk som menneske og på sett og vis også som forfattar. Aldri kjem minne til å bleikne, minne om korleis eg våga å søkje og også fann åndelege verdiar i det tomme livet ikring meg... Eg vil De skal vita at eg vart djupt rørt da fekk vita at De hadde skrive Katastrofe til solidaritetskvelden for med i Avignon. Lenge etterpå opplevde eg i fengselet stor glede og fekk hjelp til å leva vidare i skitten og elendet.

Katastrofe av Samuel Beckett
På scenen.
Siste pussing på siste scene i eit skodespel.
Instruktør/direktør: Jack Fjeldstad. Regiassistenten: Ragnhild Hilt.
Hovudrolla: Tom Tellefsen. Luke, lysmeister: Odd Furøy.
Katastrofe er tilegna Havel.
Beckett har skrive dikt, romanar og 20 skodespel for scene, radio og TV. Han
fekk Nobelprisen i litteratur i 1969.
Frå brev: Beckett til Havel
At eg kunne hjelpe Dykk, om enn i lite omfang, og at eg hyllar Dykk og alt de står for, ber med seg ein augneblink av sann glede i mitt forfattarliv. Det er eg som står i gjeld av takksemd til Dykk.
Frå programmet