Peter Pan flaug høgt over Hovudscenen og blei ei spektakulær framsyning for både store og små. Her fanst det havfruer og indianarar, krokodiller og sjørøvarar, luftige svev og klirrande sverd, skyer av magisk tryllestøv og ein fe som heiter Tingeling. Men - vondskapsfulle Kaptein Krok og piratane hans var ute etter hemn og det var Peter Pan dei jaktar på...

Eventyret om Peter Pan av J.M. Barrie er for lengst blitt ein internasjonal klassikar både som bok, film, teater og musikal. Alle kjenner den fantastiske historia om den flygande guten som ikkje vil bli vaksen. Men bak eventyrets barnlege uskyld ligg det òg ei mørkare forteljing om lengt etter kjærleik, om einsemd og død, og om tida som var og som aldri kjem tilbake.
Sjå video frå prøvene på Peter Pan
Sjå opptak frå flytreninga på Hovudscenen
Sjå opptak frå flydansen med Peter Pan og Wendy
Frank Kjosås speler Peter Pan og skurken Kaptein Krok blir gestalta av
Svein Roger Karlsen.
Sir James Matthew Barrie
J. M. Barrie (1860-1937) vart fødd i Skottland, som det niande barnet blant ti søsken, men levde det meste av livet i London. Barndomen hans var prega av at ein av brørne hans døydde i ei skøyte-ulukke, berre 14 år gamal, da Barrie var seks. Mor hans vart svært prega av tapet, men fann trøyst i at han alltid ville vere den lille guten hennar.

Da J. M. Barrie vart vaksen, blei han først journalist før han starta ei karriere som forfattar og dramatikar. Forutan å pleie omgang med ei mengd personar i den litterære eliten, som George Bernard Shaw og Arthur Conan Doyle, var han mykje i lag med familien Llewelyn Davies. Spesielt vart han knytt til dei fem sønene i familien. Etter at både mor og far deira døydde, adopterte han dei fem gutane i 1910.
Den største suksessen hans var utan tvil teaterstykket om Peter Pan, uroppført i 1904, og seinare skriven om til roman av Barrie sjølv. I 1929 donerte han rettene til stykket, og alle framtidige inntekter frå oppføringar av Peter Pan, til barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital i London. Gåva fekk enno større verdi etter at Walt Disney Studios baserte ein teikna langfilm på Peter Pan 1953.

Peter Pan - kven er han?
Originaltittelen til stykket om Peter Pan er Peter Pan - eller guten som ikkje ville vekse opp. Det er mange spekulasjonar kring kven figuren Peter Pan er bygd på. Det kan ha vært bror til J. M. Barrie som døydde så tidleg. Eller det kan han vært J. M. Barrie sjølv. Han levde heile livet i skuggen av bror sin, som mora dyrka minnet av sidan han døydde så ung. Det vart hevda at han prøvde å vere så lik bror din som mogleg, slik at ikkje ein gong mora skulle skjøne forskjellen. J. M. Barrie sjølv hevda at han var ein miks av dei fem Llewlyn Davies-gutane George, John, Peter, Michael og Nicholas.
I programmet til ei oppføring av stykket i Paris i 1908 skreiv Barrie: "Kanskje Peter Pan berre er ein gut som døydde ung, og dette er korleis forfattaren seinare såg for seg seg hans etterfølgande eventyr".
Intervju med Frank Kjosås i det norske
Intervju med Ulrikke Hansen Døvigen i det norske
Intervju med Svein Roger Karlsen i det norske
Flygesekvensane er designa av Paul Rubin
Flygeutstyret er designa og levert av Hall Associates Flying Effects