Denne historia er sett til ei nær framtid. Isen smeltar og folk er på flukt for å finne betre livsvilkår. Ei gammal kvinne er i ferd med å døy. Ved sida si har ho det einaste barnebarnet sitt, Allaq. Ingen andre vil ta ansvar for den gamle. For å overleve tar den gamle med seg Allaq til ein stad som høyrer til den gamles barndom, ein dal der steinane syng og fortel frå urtida. Her døyr bestemora, og Allaq står åleine att. Men når bestemora skal over i den andre verda, ser ho oppe frå stjernene korleis barnebarnet blir angripe, ser korleis den einaste venen hennar, bjørnen, blir dødeleg såra, og til slutt bestemmer ho seg for å komme attende til jorda forå  verne om den unge jenta.

Allaq er skrive av Cecilia Persson, og nordsamisk omsetjing er ved Magne Ove Varsi. Regien er ved Haukur J. Gunnarsson, komponist er Kristin Mellem, scenografi er ved Bernt Morten Bongo, kostymedesign ved Berit Marit Hætta og lysdesign ved Øystein Heitmann. Medverkande skodespelarar er Nils Henrik Buljo, Niillas Holmberg, I?gor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Ingá Márjá Sarre og Mary Sarre.
Framsyninga blir spelt på nordsamisk og er teksta til svensk. Allaq har premiere 26. februar i år og blir spelt på Prøvesalen 23.–25. mars.

For meir informasjon og pressebilde: heimesida til Beaivváš Sámi Našunálateáhter
her









 

Speledagar

loading..
Premieredato:
23.3.2010
Pris:
Kr 220
Speletid:
i time 15 min. utan pause

ANNA INFORMASJON


MEDIEKLIPP

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00