ShowPlayPresentation
Minimize

TEATERTUR TIL STOCKHOLM 30.april - 2.mai 2010

Dramaten i Stockholm var i målet for Vennelagets tur i år. Fredag 30. april klokka 07:30 var ikkje mindre enn 61 venner på plass i turbussen, med Kristin Eikli og Helge Kristiansen som reiseleiarar.
Første stopp var Karlstad der ein god lunsj venta oss. Etter maten viste det seg at hydrauliken på bussen ikkje verka som den skulle. Vi fekk difor eit opphald på godt og vel ein time lenger enn reiseplanen hadde sett av.


Etter at bussen var reparert gjekk det strake vegen til SAS Radisson BLU Viking hotell i Stockholm og deretter framsyninga på Dramaten, som vi rakk med god margin.
Det var til Dramatens Lilla Scen vi skulle denne kvelden. På programmet stod ”Jane Eyre” av Charlotte Brontë. Regi ved Ellen Lamm og scenografi og kostymer ved Magdalena Åberg. I hovudrollene møtte vi Julia Dufvenius som Jane Eyre og Michael Nyqvist som Rochester, sistnemnde kjend frå filmatiseringa av Stig Larsson sine bøker. Dette var ei framsyning av beste slaget; ikkje minst må scenografien nemnast spesielt.
Etter framsynga var det sein middag på hotellet.

Laurdag føremiddag var det sightseeing i Stockholm med ein kunnskapsrik og rettleg opplagt guide. Rundturen slutta med lunsj på Stora Gungan på Skansen. Resten av dagen fram til kl. 17:30 var til fri disposisjon.

Etter ein god middag på hotellet sat vi kl.20:00 benka i salen på Dramatens hovudscene for å sjå ”Pygmalion” av Bernhard Shaw. Regi ved Margareta Grape. Alexandra Rapaport spela Eliza Doolitle, Johan Ulveson spela Henry Higgens, Per Svensson var oberst Picering og Mats Bergman spela Alfred Doolitle. Vi fekk sjå den originale Pygmalion der klassemotsetnadene var tydelege og ingen happy end som i My Fair Lady. Her forlet Eliza professor Higgins. I det heile ei flott og god framsyning med opplagte skodespelarar og flott scenografi. Ei framsyning ein gjerne skulle ha sett ein gong til.

Sundag var det retur til Oslo, med stopp og lunsj på Slottskrogen i den gamle slottsfestinga i Ørebro. Her var sjølvaste kong Carl Johan møtt opp for å fortelja litt om korleis Bernadottane kom på den svensk-norske truna. Det var nemleg her det vedtaket vart gjort.


Ei takk til Jostein Eriksen som stod for song og underhalding i bussen både til og ifrå Stockholm og til turleiarane for ei prikkfri gjennomføring. Turen slutta som ein klassisk skulestil: ”Alle var einige om at det hadde vore ein gild tur”.

                                                                                                                      (Referent: Roald Waktskjold)


Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00