ShowPlayPresentation
Minimize

“Schiller skriv fram ekte menneske”



Tekst MARGUNN VIKINGSTAD Foto EIGIL AASEN

I vår gjestar Nicolai Cleve Broch Det Norske Teatret i rolla som fridomskjemparen Posa i Friedrich Schillers drama om Don Carlos.
– Historia er full av intrigar og kjaerleik, og Schiller skriv fram ekte menneske. Dei er heilst.ypte, dei er ulike, dei har feil og dei har draumar. Det gjer karakterane, konfliktane og lagnadene i Don Carlos superinteressante.
Nicolai Cleve Broch snakkar entusiastisk om Schillers verk og er fascinert av historia. Don Carlos, Spanias kronprins, er forlova med den vakre prinsessa av Frankrike. Men av storpolitiske grunnar er det far til Carlos, kongen i Spania, som giftar seg med prinsessa. Det strategiske ekteskapet forvandlar seg til ei pasjonert kjaerleikshistorie. Samstundes blir det trappa opp til kamp for fridom og demokrati der Don Carlos blir fanebaeraren med venen Posa som viktig støttespelar.
– Posa står på eit vis på utsida av spelet om kven som elskar kven. Samstundes gjer han truleg det største offeret. Han ofrar seg i kjærleik til sin beste ven. Han vel seg sjølv bort til fordel for ein han meiner er betre enn han sjølv.
– Er det noko historisk, gammaldags, over Posas offer?
– Eg trur det skjer stadig vekk at folk ofrar seg for andre. Her skjer det under skjerpande omstende. Men om eg hadde fått valet mellom meg sjølv og ein barndomsven som framleis star meg naer, så trur eg ikkje at eg hadde tilgitt meg sjølv om eg valde venen bort. Men det er vanskeleg å setje seg inn i valet til Posa. Tilhøva rundt er ekstreme. Og han døyr. Men det er t.d. ikkje så vanskeleg å sjå føre seg at ein vil ofre seg for sine eigne born. Om eg hadde kome opp i ein slik situasjon, så hadde eg ikkje tvilt, seier tobarnsfaren Broch.
Regissør Runar Hodne var hovudtrekkplasteret då Nicolai Cleve Broch takka ja til å vere med i Don Carlos. Hodne og Broch har tidlegare jobba saman i tre framsyningar; Seieseiarens song og Fedras kjærleik på Det Norske Teatret og Seks personer søker en forfatter på Nationaltheatret. Seieseiarens song førte både med seg skiping av band og utgjeving av singel. Singelen fekk terningkast 5 i Dagbladet.
Seieseiarens song blir ståande på toppen. Det er det mest morosame eg har gjort, slår Broch fast.
I framsyninga skulle han spele bass. Det kunne ikkje Broch. Ein time kvar morgon stod han i slåbrok og øvde. Dei andre bandmedlemene I det som blei kalla Kjærleikskompaniet var Anders Baasmo Christiansen og Ole Johan Skjelbred. Christiansen måtte laere seg å spele munnspel. Skjelbred beherska gitar fra før, men måtte lære seg å spele banjo.
– Me endar alle opp med å trekkje fram Seieseiarens song om nokon spør kva me har spelt i. Sjølv om framsyninga kanskje blei sedd av 19 menneske, ler Broch.
Kjærleikskompaniet avslutta framsyningsperioden av Seieseiarens song med konsert på Mono. Der var det stappfullt hus. Etterpå hadde bandet nokre øvingskveldar, dei byrja å krangle, det oppstod intern strid, og så blei bandet nedlagt.
– Me tok heile den klassiske bandreisa på veldig kort tid, stadfestar Broch.
Brochs kjærleik til Runar Hodnes regigrep handlar mykje om at Hodne brukar prøvetida svært aktivt til å skape framsyninga.
– Han er modig. Han har ein klar analyse i botnen, men brukar prøvetida til å forske i ulike retningar. Kva om me prøver dette? Om den retninga ikkje fungerer, kjem det kanskje ein ny idé ut frå det me til då har gjort. Faren ved å vere så modig er jo at ein kan risikerer å ikkje kome i mål. Runar er elles utruleg flink til å skape entusiasme rundt prosjekta sine. Og han tek ofte radikale grep. Det er moro å vere med på, seier Broch.
Forløpet i ein prøveperiode for Broch ser oftast slik ut: Det opnar med ein dårleg fase, deretter ein periode der rolla sit betre, så attende til noko som er verkeleg dårleg, for endeleg å kome til eit punkt der rolla sit godt.
– Då er rolla blitt såpass godt fundamentert at det er mogleg å spele ho kveld etter kveld.
– Og dette er ein prosess du går gjennom for kvar ny rolle?
– Ja, det skjer kvar einaste gong. Og to veker før premiere kjem eg alltid til eit punkt der eg skal gje meg som skodespelar. Eg har ikkje meir å kome med; alt er heilt svart og håplaust. Problemet er at no har eg halde på med dette i ti år, og alle rundt meg berre fnyser av meg. Men eg trur det er viktig å gå gjennom desse fasane, for å få det grunnlaget som trengst. Eg må klare å gjenskape rolla på nytt og på nytt, få det til å bli friskt kvar kveld. Ikkje berre kopiere det eg gjorde i går.
No ser Broch fram til å byrje prøvetida med Don Carlos.
– Eg har sans for den litt frekke historia i Don Carlos, sonen som er forelska i mor si. Det er lagt opp til at ein skal forstå kjærleiken mellom son og stemor. Men eg kvepp kvar gong Don Carlos kallar ho han elskar for mor. Eg synest Schiller både er moderne og freidig, seier Nicolai Cleve Broch.

 



Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00