Ein hund etter gode kvinneroller

Tekst MARGUNN VIKINGSTAD Foto AGNETE BRUN
Denne våren skal Britt Langlie spele pilleetande kvinne i den amerikanske suksessen Familien av Tracy Letts. Langlie har spelt mange kvinneroller som har sett spor. Det er berre å nemne Piaf. Rolletolkinga hennar av Edith Piaf er ein av dei store suksessane i historia til Det Norske Teatret. Sjølv er Langlie ein hund etter gode kvinneroller.
– Når eg får eit manus med ei god kvinnerolle, oppfører eg meg som ei bikkje som nett har fått seg eit ferskt bein. Eg snusar på det, eg gøymer det litt, eg veit at eg har det der, før eg endeleg kastar meg over det, seier Britt Langlie.
Historia i Familien opnar med at Vivians ektemann Beverly forsvinn. Det er grunnen til at heile familien Weston samlast. Med alle sine rundt seg byggjer Vivian opp til konfrontasjonar og set i gang sterke kjensler. Ho er nådelaus i å dele ut skyld, skam og dårleg samvit, og ho passar godt på å realitetsorientere døtrene sine, på alder, utsjaånde og kva dei ikkje har fått utretta i livet.
– Det kjem til å bli ei tøff rolle. Nokre stader i stykket er Vivian berre heilt utruleg fæl. Eg må prøve å finne desse sidene ved Vivian i meg. Sjølv om dei ikkje er sterke, så finst dei. Så skinheilag skal eg vel ikkje vere at eg nektar for det! ler Langlie.
Borna er for lengst flytta ut. Vivian og Beverly sit åleine attende. Han er tidlegare akademikar og prisløna poet, men skriv ikkje lenger. Han fyller dagane med alkohol, ho med piller og Clapton. Vivian har elles sytt for å dekkje til vindauga ved å teipe fast rullegardinene. Slik slepp ho å sjå at dagane går.
– For å gripe rolla må eg ta inn over meg Vivians kvardag. Eg kjenner at eg allereie gruar meg til å gå inn i einsemda hennar, seier Langlie.
Familien er ikkje berre gjennomsyra av Vivians einsemd og syrlege kommentarar. Stykket har òg ein slåande humor, og Vivian er ein viktig bidragsytar.
– Det er m.a. ein svært komisk situasjon når ho møter den nye mannen til dottera Karen. Etternamnet hans er Heidebrecht. Vivian hektar seg svaert opp i dette. Pillene har truleg sitt å seie. Ho kjenner då ein Brecht; det er jo ein forfattar, for faen, seier ho! Haha! Ho er rar, stadfestar Langlie.
Å jobbe med ei rolle er ikkje berre å setje seg ned for å lære tekst. Midt i eit dagleg gjeremål kan noko i rolla dukke opp.
– Nett der, i den scenen er det noko eg brått forstår. For meg er det viktig å la teksten mognast. Eg er nok ein skodespelar som treng tid på meg når eg skal inn i ei ny rolle.
Langlie har spelt nokre morsroller i løpet av karrieren. Ho har spelt Mor Åse, ho spelte mor i Lars Noréns Kaos er granne med Gud, ho har spelt Ragnhild i filmatiseringa av Medmenneske, Tale i sceneversjonen av Olav Duun-stykket, ho har spelt Fedra i den britiske dramatikaren Sarah Kanes Fedras kjærleik og mora Philaminte i Molières Lærde damer. Å by på seg sjølv i ei rolle som Vivian i Familien inneber at ein gjer seg nokre tankar om korleis ein sjølv er som mor. Ein gong mor, alltid mor, stadfestar Langlie, og avkreftar i same vending at ho ser på seg sjølv som ei perfekt mor. Det er no ikkje alltid så forbanna lett å vere mor. At ei mor òg har svake sider, er ein del av dette livet. Og det er vel ikkje noko som fører til store skam enn om ein skulle mislukkast i morsrolla? Om nokre tabu er lagt døde, så er dette eit tabu som framleis lever godt.
Då Langlie las Familien, tenkte ho òg på si eiga mor. Langlie er fredsbarn, fødd i 1945 og foreldra hennar opplevde krigen. Dei blei ein generasjon som ønskte å samle gode for å tryggje bornas framtid.
– Det opplever eg at dette stykket er inne på fleire gonger. Kva Vivian og Beverly har gjort for borna. Først har dei kara seg opp frå ingenting. Dei er begge første generasjon i sin familie som tek utdanning. Vidare gir dei sine eigne born høve til utdanning. Vivian og Beverly er kunnskapsrike, har lese mykje og har truleg gjort sitt beste som foreldre. Så skjer det noko på vegen som blir svært øydeleggjande. Vivian har ikkje vore mors yndlingsbarn. Mor hennar var ei trollkjerring, som Vivian formulerer det, og ho meiner sjølv at det er mor si ho har det frå.
– Vivian er narkoman. Språkbruken hennar kjem nok meir frå pillemisbruket enn som direkte arv frå mora. Vivian er fascinerande ærleg. Saka er at ho ser. Midt oppi rusen. Ingenting går henne forbi. Ho får med seg alt. Ho er jo mor. Ei mor har magekjensle for ungane sine. Sjølv om ho ikkje har snakka med døtrene sine på lenge, skjønar ho raskt om dei ber på noko. Som med den eine dottera. De er separerte, ikkje sant? Eller er de alt skilde? spør Vivi. Utan at dottera har sagt eitt ord. Vivian er brutalt direkte. Og så er ho svært klarsynt. I det brutale og klarsynte finst det noko morosamt, noko sårt og kanskje òg noko til ettertanke, seier Britt Langlie.