Teatertur til Fagernes og ”Sol av Isfolket”
”Sol av Isfolket” vart sett opp for andre året på rad på utandørsscenen på Valdres Folkemuseum i august. Stykket fekk svært god mottaking av publikum og presse i fjor, så Vennelaget arrangerte ein tur dit denne sommaren. Paul Ottar Haga, som vi kjenner godt frå Det Norske Teatret, hadde ei sentral rolle, saman med Evy Kasseth Røsten og Heidi Ruud Ellingsen, sistnemde hadde hovudrolla som Sol.
Stykket byggjer på dei første bøkene om Isfolket av Margit Sandemo, ho skreiv desse nettopp på Fagernes. Leif Stinnerbom har iscenesett det, velkjend regissør som har hatt stor suksess med mange oppsetjingar både i Noreg og i Sverige. Inger Stinnerbom, som er ein av dei fremste kostymedesignarane i Sverige, er kostymeansvarleg for ”Sol av Isfolket”. Manusforfattar: Eldgrim Springgard.
30 teatervenner melde seg på, og turen gjekk med buss oppover Hallingdal søndag 9. august. Vi tok ein liten stopp i Krødsherad ,ved Den gamle mester, den fleire hundre år gamle eika som Jørgen Moe har skrive dikt om ( det blei opplese av reiseleiaren )og ein times lunsjopphald ved Vassfaret Bjørnepark i Flå , der det nyleg er opna nytt besøkssenter.
Så køyrde vi over Golsfjellet og var framme på Fagernes tidleg på ettermiddagen. Der vi tok inn på Quality Fagernes hotel, som ligg vakkert til ned mot Strandefjorden. Vi hadde ein felles middag der, før kvar og ein kledde godt på seg og spaserte bort til Valdres Folkemuseum. Friluftsscenen på museet er plassert mellom gamle tømmerhus, og med vatnet som ”bakteppe”. Amfiet er ikkje stort, så alle hadde godt utsyn til scenen – dessutan rørde skodespelarane seg mykje omkring blant publikum, så alle fekk nærkontakt til handlinga! Heidi Ruud Ellingsen fekk vi her oppleve i ei rolle totalt ulik den mange kjenner henne frå - i musikalen ”Singing in the Rain” Her var ho den unge villstyringen Sol som kjempar for kjærleiken mot mørke krefter. Uveret kraup sakte innover oss etter kvart som handlinga skreid fram – lyna tok til å gneistre i horisonten over vatnet og verka nesten som ein del av det heile, for dei understreka dramatikken og mystikken i stykket! I andre akt opna himmelslusene seg, og regnet hølja ned! Men dei fleste var godt budde på dette, og svært få gjekk derifrå! Dei svarte søppelsekkene vi delte ut før framsyninga, kom til nytte – trekte godt oppover føter og hofter heldt dei oss tørre! På scenen, som etter kvart blei svært våt og glatt, greide dei å halde seg på beina, sjølv i vilter dans – og dei dyktige musikarane greide å halde godklang i instrumenta sine! Då vi rusla den knappe kilometeren tilbake til hotellet i mørket, var det framleis god stemning , for vi tykte vi hadde hatt ei spesiell oppleving, sjølv om – eller kanskje nettopp fordi vergudane hadde herja med oss!
Etter å ha teke oss god tid til frokost og utsjekking, drog vi i samla flokk tilbake til Valdres Folkemuseum neste formiddag. No for å oppleve museet, som er eitt av dei største friluftsmusea i Noreg, med ei samling på ca 100 hus og anlegg på området som er ei halvøy ut i Strandafjorden. Ei dyktig og sjarmerande valdresjente tok imot oss og viste oss ein del av dei eldste husa og fortalde levande om bygningane, folket og historia. I eitt av dei gamle husa fekk vi ei stund med folkemusikk og folkedans, noko som var svært populært. Ei i gruppa vår vart så inspirert at ho kasta seg ut i ein sprek runde med dansaren, og det kribla nok i beina til fleire !Etterpå var det sett av tid slik at kvar og ein kunne rusle rundt og sjå på det ein hadde mest interesse av blant dei mange gamle husa, det var også ei stor bunadsutstilling og dokkeutstilling her. Mange havna ganske fort på Nystøga, museumskafeen, som freista med kaffi, vaflar og kvikaku, syltetøy og rømme! Vertskapet der vart litt overraska og overvelda av så stort innrykk på ein gong, men da gjestene tilbaud seg å hjelpe til og deltok aktivt med serveringa, blei det ei munter og hyggeleg stund!
Etter tre timar ( som gjekk utruleg fort ) på Valdres Folkemuseum, var det samling ved bussen, og no tok vi ein liten avstikkar opp på fjellet, til Kruk, der vi hadde bestilt middag på Nythun Høyfjellstue. Her vart vi svært godt mottekne, fekk høyre historia til staden, og vart viste rundt. Dette er også staden der skodespelarane til ”Sol av isfolket” bur i speletida, så vi møtte fleire av dei der. Det vart populært då Heidi Ruud Ellingsen, som vi hadde opplevd som ”Sol” kvelden før, stansa opp litt i matsalen og snakka med ”vennene”, som da fekk høve til å gje henne ekstra fagnad for opplevinga ho og dei andre hadde gjeve oss. Middagen vi fekk på Nythun var svært velsmakande, og det verka som folk likte seg så godt der at det var vanskeleg å få samla dei i bussen att! Men vi måtte vinke farvel til det svært hyggelege vertskapet, Marit Nythun og Jørn Utheim, og setje kursen tilbake mot Oslo. Heimreisa gjekk over Tonsåsen og langs vestsida av Randsfjorden.
Reiseleiar var Ragnhild Sælthun Fjørtoft.