ShowPlayPresentation
Minimize

"Å FYLLE ROLLA SOM PONTIUS PILATUS MÅ PRØVAST UT NENNSAMT OG MED STYRKE OG MOT”

Tekst MARGUNN VIKINGSTAD Foto MARCEL LELIËNHOF

Hildegun Riise kjem inn i Bibliotekbaren på Hotel Bristol til avtalt intervjutid. Me skal snakke om rolla hennar I Jesus Christ Superstar. Nett no har ho tankane andre stader. På vegen har ho m.tt Wenche Foss ute på spasertur i ei sidegate til Karl Johan. Med eit begeistra skin i auga seier Riise:
– Ho var så fin, og så til stades. Me har spelt saman fleire gonger. Første gongen byrjar å bli ei stund sidan. Eg spelte Agnes Nedreb. i Vestavind, og Wenche Foss var bestemora på garden. For to år sidan gjorde me ei dramatisering av ein Jon Fosse-tekst for NRK Drama. Om Suzannah, kona til Ibsen. Eit spesielt stykke. Og fint, seier Hildegun Riise og riggar seg til i Chesterfield-sofaen.

Riise har spelt fleire Fosse-stykke. Ein kan få ho til å snakke lenge om dramatikken til sambygdingen, at det finst noko djupt menneskeleg vakkert og nake i tekstane hans.
Denne hausten skal Hildegun Riise spele Pontius Pilatus. I Det Norske Teatrets versjon av rockeoperaen Jesus Christ Superstar blir historia plassert tydeleg i samtida vår. Kva vil Jesus då gjere opprør mot? Kven vil han solidarisere seg med? Kven er motstandarane hans? Kven vil samle seg rundt Jesus som disiplane hans? Og ikkje minst; kven vil dømme han?
– Kva er det interessante i Jesus Christ Superstar?
– Jesu lidingshistorie er både svært kjend og så mytisk at det er noko framand med ho. Det er ei utfordring å gjere materialet gjeldande for samfunnet i dag. Eg har mange bilete i hovudet av bibelsoga frå barndommen, men no må eg klare å fylle rolla med kjøt og blod. At regissøren vil gjere det i eit moderne landskap, er spennande. Jesus snakka med alle slags folk, og han viste eigenskapar det er verdt å trakte etter. Også for moderne menneske i dag. Det å vise medkjensle med andre, ikkje forakt. Det å ikkje forhandsdømme menneske. Det å prøve å forstå andre, vere til hjelp, støtte. Det å vere eit medmenneske. Empati og innleving. Det er ikkje alltid lett å etterleve slike ideal. Ein treng å bli mint på kor viktige dei er, seier Riise, og legg til:
– Det er òg tankevekkjande å sjå korleis menneskerettsforkjemparar som Martin Luther King, Gandhi, Dalai Lama, Aung San Suu Kyi og andre med liknande mot og innsikt kan utløyse redsle, uro og deretter hat.
– I denne versjonen er dommaren spelt av ei kvinne. Kva tenkjer du om det?
– I utgangspunktet tenkjer eg nett som eg ville ha gjort med kva rolle som helst: Eg må finne nyansane. Pilatus er korkje berre vond eller berre god, korkje berre sterk eller berre svak og lett å styre. Pontius Pilatus er ein politisk maktfaktor, men òg berre eit menneske. Posisjonen hans fører med seg ansvar, og press til å ta eit val, til å seie ja eller nei, meiner Riise.
Pilatus er i utgangspunktet overtydd om at Jesus er uskuldig. Etter kvart som temperaturen stig blant folket, kjem redsla og angsten for ikkje å vere god nok. Og truleg òg redsle for at den politiske karrieren vil bli øydelagd, trur Riise.
– Brått står han der i spennet mellom si eiga overtyding, hjartet og samvitet sitt og det sterke ytre presset. Kva gjer ein då? Pilatus følgjer ikkje hjartet sitt, men si eiga redsle, som endar i ei forferdeleg handling.
– Men du som kvinne i denne rolla vil ikkje gjere stor skilnad?
– Eg trur at det kan skje nook anna i kontakten, måten å kommunisere på, eller utøve makt på for ei kvinne, men ikkje nødvendigvis. Rolla har eit stort spenn, frå å vere åka av ein lysande klar og sterk draum om Jesus til å bli ansvarleg for krossfestinga hans. Så år ein prøve ut dette spennet då, nennsamt og med styrke og mot
Det er musikken som var byrjinga på det heile for Hildegun Riise. Dei første stega hennar inn i teaterverda var gjennom musikkteater og musikkstudium. Og musikk har ho halde fram med, m.a. med den jazza Olav H. Hauge-CD-en Under stjernone og salmeplata Den fattige Gud, med tekst av Edvard Hoem og musikk av Henning Sommero. Riise var òg nokre år ein del av den frie teatergruppa Nordahl Grieg Teatret i Bergen, som gjorde mykje politisk musikkteater. Slik sett passar rolla som Pontius Pilatus i Jesus Christ Superstar fint inn.
– Musikken i Jesus Christ Superstar er svaert spennande. Eg synest Andrew Lloyd Webber fangar det enorme spennet som finst i denne historia, frå det sødmefylte til det eksplosive. At me i denne produksjonen har henta inn folk frå andre miljø, er fint. Teatret treng ulike impulsar. Me skodespelarar òg. Det finaste med å vere skodespelar, er å få jobbe med så mange ulike tema og menneske, skape noko som berører og gir meining.
Hildegun Riise

Aktuell som Pontius Pilatus i Jesus Christ Superstar

• Statens Teaterhøgskole 1983–1986.
• Tilsett ved Det Norske Teatret frå 1986.
• Vore med i fleire filmar, som Min misunnelige frisør (2004), Himmelfall (2002), Detektor (2000) og Søndagsengler (1996).
• Spelte Agnes Nedrebø i NRK Drama-serien Vestavind (1994) og Suzannah II i NRKs drama Suzannah (2004), om Ibsens kone Suzannah Daae Thoresen i tre fasar i livet, skrive av Jon Fosse.
• Fekk i 2007 Heddaprisen for beste kvinnelege birolle i Tvillingar.
• Fekk i 2001 Amanda som årets beste kvinnelege skodespelar i rolla som mora i Detektor.
• Pris for beste kvinnelege hovudrolle i Søndagsengler (1996) ved Tokyo Film Festival.
• Har òg spelt i Sejer – Svarte sekunder.


 



Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00