"EG TRUR IKKJE AT DET BERRE FINST EITT SVAR PÅ EIT MENNESKELIV"
Tekst MARGUNN VIKINGSTAD Foto ERIK BERG
– November er det viktigaste prosjektet eg har vore med i. Lars Norén har vore med på å forme korleis eg ser på teater og korleis eg gjer teater. November var det første eg gjorde i Oslo etter Teaterhøgskolen. Eg fekk jobbe med ein dramatikar og regissør som både lytta til oss skodespelarar og som kom med klare meldingar om korleis me skulle gå inn i rollene. “Inte spela, inte spela”, sa Norén. Heile tida, seier Kirsti Stub..
– Kva skal ein skodespelar gjere i staden for å spele ifølgje Norén?
– Nei, nett det, “inte spela, inte spela”. Det er vanskeleg å forklare til botnen. For kva er spel og kva er ikkje spel? Når eg er med i eit stykke, er eg ein person. Eg er ikkje så glad i ordet karakter. Og det mennesket som skal vere personen i framsyninga, er jo meg. Eg kan ikkje byte ut hjernen min med ein annan. Eg jobbar nok veldig etter intuisjon. Men det er ulike måtar å tenkje teater på. Og det er kjempebra.
I den aktuelle urpremieren Lys av Lars Norén i haust speler Kirsti Stubø dottera i ein familie som opplever at mor tek sitt eige liv. Det utenkjelege er eit faktum. Kvifor? Kven har skulda? Er det ho som svik dei eller dei som har svike henne? Har ho elska dei, har
dei elska henne, kjende dei henne, kjende ho dei? Slik spør dei kvarandre om og om igjen.
– Kanskje finst det ikkje noko svar. Og det opnar jo opp for eit stort gap, eit svart hol. Men er det berre sorga over henne dei står oppi? Eller sorga over at dei ikkje sørgjer? Eller kjenner dei sterkast på kor fort alt streifar forbi? Kanskje det som gjer mest vondt er at ein gløymer, at ein gløymer så lett? spør Stubø.
– Og det at noko døyr heile tida medan me lever, det er ein tematikk som går att hjå Norén?
– Ja det er ikkje nett eit lystig perspektiv. Eg skjønar godt at han enda opp med å ville kalle dette stykket Lys, prøve å innbille oss at det finst litt lys, seier Stubø.
Kirsti Stubø understrekar at sjølv om intuisjon er viktig for ho i møte med ei ny rolle, legg ho ikkje hovudet heilt vekk. Ho spør seg nokre “kva” og “kvifor” ho òg i løpet av ein prosess. Kva vil denne personen, kvifor gjer ho som ho gjer? Men å kome fram til ei forklaring vil gjere både personen og det som skjer mindre, trur Stubø. Og om regissøren kjem med mange forklaringar eller om Stubø hamnar i ein diskusjon om ein scene med andre skodespelarar, er det godt mogleg at Stubø berre forsvinn inn i sitt eige.
– Det er noko frigjerande å få lov til å jobbe intuitivt, å få vere i fred. Eg likar å diskutere, men eg har ikkje tru på at det berre finst eitt svar på eit menneskeliv. Menneske handlar meir irrasjonelt enn me ønskjer å tru. Me vil jo gjerne leve med den personen me er, me treng å halde ut, og då søkjer me forklaringar. Forklaringar gjer jo alt litt lettare, gjer dei ikkje? spør Stubø.
For Kirsti Stubø kan opninga til ei rolle ofte liggje i å seie teksten høgt, kanskje litt for høgt. Slik at ho, og andre, høyrer kva ho seier. Då har ein kanskje allereie noko. Og om ein gjer dette mange nok gonger, kjem det (kanskje) noko tilbake. Kanskje oppdagar ein det ikkje med ein gong, kanskje ikkje før ein har spelt framsyninga nokre gonger.
– Eg trur ikkje at ein dårleg tekst kan reddast. Men ein god tekst, tillit mellom skodespelarane og regissøren kan gjere meg god, seier Stubø.Ho meiner at ho har vore svært heldig. Ho fekk tidleg høve til å jobbe med gode regissørar. Ho snakkar om Noreén. Og ho ramsar opp namn som Alexander Mørk-Eidem, Stein Winge, svenske Tobias Theorell og ungararane Gábor Zsámbéki og János Szász. Ho understrekar òg at Det Norske Teatret er utruleg heldige som har ein av dei beste dramaturgane ein kan tenkje seg, Cecilia Ölveczky.
– Ho sit på skuldra mi same kva framsyning eg er med i. Nei no høyrest eg ut som ein pensjonist, memoarane mine, liksom, seier Stubø.
Mykje kan tyde på at Kirsti Stubø set spor etter seg blant regissørar. Etter Den kaukasiske kritringen ville regissør Szász ha Stubø i hovudrolla i filmen Opium. Stubø spelte mot danske Ulrich Thomsen (kjend m.a. frå den danske filmen Festen), og Stubø fekk fleire internasjonale prisar for rolletolkinga.
– Eg er utruleg glad for det eg har fått gjere saman med János. Innspelinga av Opium var tøff, det var utruleg hard jobbing, og det var fantastisk. Eg trur ikkje det hadde fungert om me ikkje allereie hadde jobba saman. I Den kaukasiske kritringen fann me noko som var bra, ein måte å snakke saman på som fungerte. Trass i at János snakkar mykje. Det er stort når ein opplever at skodespelar og regissør snakkar same språket. Ein annan regissør eg set høgt og som eg jobba godt saman med, er rumenske Silviu Purcarete, som gjorde Orestien på Det Norske Teatret. Men eg trur ikkje at eg sa eitt ord til han under produksjonen. Eller jo, eg spurde visst ein gong om eg kunne få fri til å gå på nissefest i barnehagen.
– I vår jobba du for første gong saman med mannen din Eirik Stubø i Andromake?
– Ja. Det gjekk fint det, trur eg. Eg tenkte kanskje at eg ville vere meir sjenert overfor Eirik. Og eg var nok litt uroa for det at han kunne avsløre meg. Med andre er det lettare å tenkje at “dei får berre tru det dei vil, eg berre jobbar her, eg”, smiler Kirsti Stubø.
Neste haust skal Kirsti Stubø gjere si første rolle i Sverige, på Stockholms Stadsteater. På nytt er det ein regissør som ikkje heilt har klart å gløyme skodespelaren Kirsti Stubø.
– Eg gler meg veldig til å få lov til å jobbe med Tobias Theorell ein gong til. Me jobba godt saman i Brotsverk og straff. Å få lov til å kome til Stadsteatret og gjere Emilia Galotti, nei det er eit lite eventyr, seier Kirsti Stubø.
KIRSTI STUBØ
Aktuell i Lys av Lars Norén
• Statens Teaterhøgskole 1995–1998.
• Tilsett ved Rogaland Teater 1998–2001.
• Tilsett ved Det Norske Teatret frå 2001.
• Debuterte på film i Thomas Robsahms Det største i verden (2001). For rolla som Signe blei ho nominert til Amandapris for
beste kvinnelege skodespelar.
• For rolla i János Százs Opium – Diary of a Madwoman (2007) fekk ho prisen beste kvinnelege skodespelar både under Moskva Internasjonale filmfestival (2007) og Fantas Porto International Film Festival (2008) i Portugal. I tillegg fekk ho Ungarske filmkritikarars pris 2008 for rolla.