TIL NOREG DER KJÆRLEIK VENTAR

Nypremiere tysdag 22. april kl. 19:30

Scene 2





Til Noreg der kjærleik ventar møter publikum seks kvinner som av kjærleik til ein nordmann har teke farvel med landet sitt, heimane sine, familiane og venene sine. Finn dei fotfeste i Noreg? Kva skjer med draumen om eit lykkeleg liv og håpet om ei lys framtid saman med den dei elskar? Korleis blir møtet med den norske kvardagen? Kvinnene deler raust sine livserfaringar med publikum i ei framsyning fylt av musikk, dans, humor og blodig alvor.
 
Dei ferske skodespelarane frå Argentina, Kongo, Filipinane, Armenia, India og Tyrkia går bak det tabloide bildet som ofte kan bli teikna i media og i offentleg debattar om integrering. Dei søkjer å få oss til å forstå det skjøre, det sårbare og det inderleg vakre i relasjonar mellom menneske frå to ulike kulturar. Kvinnene sine historier er vevd saman i eit manus som tek oss på innsida av opplevingar, nederlag og draumar som er både eksotiske og allmenne.
 
Dramatikar Ingeborg Eliassen er ansvarleg for å ha samla historiene i eit manus. Cliff Moustache, kunstnarleg leiar i Nordic Black Theatre, har regien og på scenen møter vi: Kavitha Aske, Elvira Michaeli, Dilek Carelius, Aina Gnoutou Schjørlien, Veronica Salinas, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Øyvind Rauset (fele) og Aliou Cissoko (kora).


Prosjektet er eit kunstnarleg samarbeid mellom Det Norske Teatret, 
Noregs Ungdomslag, Mother Theatre og Nordic Black Theatre .


Dersom du ønskjer pressebillettar til framsyninga, ta kontakt med Ida Michaelsen på telefon 22 47 38 30 eller på e-post ida@detnorsketeatret.no
 










Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00