Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Førjulstradisjon Tradisjonen tru kjem Teskjekjerringa på besøk til Det Norske Teatret. Framsyninga er blitt ein ettertrakta førjulstradisjon på Det Norske Teatret og til no har mange store og små teke del i juleførebuingane til Teskjekjerringa og mannen hennar. Teskjekjerringa synest det er like stas å stelle til jul som å feire sjølve høgtida. Mannen hennar synest kanskje det kan bli litt stressande med alt maset og meiner dei kan gjere som så mange andre – reise til Syden i jula. Men Teskjekjerringa held på sitt, og saman inviterer dei til ei hyggeleg lita førjulssamling med baking, pynting av juletre, song og spel. Basert på Alf Prøysens tekster og songar Ein kan aldri starte for tidleg med juleførebuingar, seier Teskjekjerringa, og i år er ho på plass på scenen frå 20. november. Teskjekjerringas julestrid er ei kritikarrost og populær framsyning basert på Alf Prøysens tekster og songar.
Fritt etter Alf Prøysen Regi: Runar Borge På trekkspel: Erik Bergene