Ungdomsromanen av Johann Wolfgang von Goethes Die Leiden des Jungen Werthers, Unge Werthers lidingar er eit av dei store og retningsgjevande verka i verdslitteraturen, og kanskje er romanen den første bestseljaren i litteraturhistoria. Etter den første utgjevinga i 1774 blei romanen raskt omsett til ei rekkje språk. Den unge Werther gjorde Goethe berømt og blei symbol på eit ungdomsopprør mot opplysingstidas kalde fornuft.



Ein kan òg sjå på romanen som den første psykologiske romanen i Europa der heile handlinga skjer på ei indre scene og svært intime kjensler og tankar blir blottlagde. Unge Werthers lidingar er ein brevroman. Sjangeren var eit typisk 1700-talsfenomen, men Goethe utviklar forma ved fritt å blande brev med personlege skriftemål, dagboksnotat og refleksjonar.

Handlinga er enkel. Werther reiser ut på landet for å finne ro. I eit idyllisk miljø forelskar han seg i Lotte. Den unge jenta er allereie trulova og Wertehers forelsking blir meir og meir panisk. Han forsøker å flykte, vender tilbake til henne, og oppdagar at Lotte har gifta seg med den utkåra. Det endar med at Werther skyt seg. Slik blir kjærleiken til Lotte både den største opplevinga i Werthers unge og korte liv og undergangen hans.



Werther er ein moderne helt med mange talent. Han manglar ikkje pengar, og konfliktane hans kan ikkje forklarast ut frå sosiale forhold. Sjølv om Werther er ein opprørar mot etablerte og tronge rammer, er han først og fremst ein individualist og ein narcisist. Han har hovudsakleg blikket retta mot seg sjølv.



Les intervju med TORBJØRN ERIKSEN i magasinet det norske
Les intervju med MARIE BLOKHUS i det norske
Les intervju med regissør JONAS CORELL PETERSEN i det norske

Den store populariteten til dette verket er ikkje berre avgrensa til Goethes samtid. Denne tette, sterke kjærleiksromanen med ei tydeleg språkleg kraft er framleis i vinden. Som Goethe sjølv hevda: ”Det finst ein periode i ein kvar ung manns liv der han opplever at Werther er skrive nettopp for han.” Romanen er blitt filmatisert dramatisert mange gonger og spelt på scener verda rundt. Framsyninga vår er basert på ei ny, tysk dramatisering av Andrea Koschwitz og Jan Bosse. Unge Werthers lidingar er Jonas Corell Petersens diplomarbeid i regi ved Kunsthøgskolen i Oslo.



 

Speledagar

loading..
Premieredato:
10.9.2010
Pris:
Speletid:

PÅ SCENEN:

Unge Werthers lidingar

Av Johann Wolfgang von Goethe
dramatisert av Andrea Koschwitz og Jan Bosse
Omsetjing: Edvard Hoem
Musikk: Gaute Tønder


Regi:
Jonas Corell Petersen
(Diplomoppgåve KhiO)
Scenografi og kostyme:
Nia Damerell
Lys:
Per Willy Liholm 

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00