Powered bysuper cheap web hosting
Creativeweb designs
Sponsorar:
Ingunn Øyen har hatt suksess med Richard Shannons monolog om Aung San Suu Kyi, som fekk Nobels fredspris i 1991. Aung San Suu Kyi har sete 20 år i husarrest, og styresmaktene I Burma held framleis eit stramt grep om livet hennar. I Ladyen av Burma får vi innblikk i dei vala Suu Kyi gjorde som har avskore henne frå eit normalt familieliv. I stykket sit ho i eit fengsel i Rangoon etter arrestasjonen i 2003. Ho held motet oppe ved å røre på seg og meditere. Ho manar fram bilde frå livet sitt: huset, hagen og sjøen. Vi kjenner luktene, høyrer lydane, musikken og ser for oss fargane i det vakre landet. Aung San Suu Kyi har hatt eit uvanleg liv og er eit uvanleg menneske. Som ein rollefigur i eit gresk drama står ho opp for saka si, ubøyeleg og modig og ofrar dei ho elskar for ei sak som er endå større: frigjeringa av sitt land og folk. Og som mannen hennar sa da ho reiste siste gong frå London: “Eg visste at ein gong måtte du tilbake, at ein dag ville eg miste deg.” Produsent er Nord-Trøndelag Teater, regi er ved Liv Hege Nylund, musikk ved Frode Fjellheim, scenografi ved Renata Wyss, lysdesign ved Sune Schjelderup og teksten er omsett av Janneke Flem Jansen. Framsyninga er eit samarbeid mellom Nord-Trøndelag Teater og Det Norske Teatret og blir spelt på Prøvesalen 11.–13. mars og 17.–20. mars. Ladyen av Burma hadde noregspremiere på Nobels Fredssenter 11. mars 2008 med påfølgjande turné i Trøndelag. Framsyninga er støtta av Institusjonen Fritt Ord og Fond for lyd og bilde.
Av Richard Shannon Omsett av Janneke Flem Jansen Musikk: Frode Fjellheim Regi: Liv Hege Nylund Scenografi: Renata Wyss Lysdesign: Sune Schjelderup I samarbeid med: Nord-Trøndelag Teater