Unn Vibeke Hol møtte dei frodige damene til Oskar Braaten første gongen då ho spelte Petrina i Ungen i 1981. Så byrja ho lese forteljingane til Braaten, og ei framsyning var i ferd med å ta form. Men det aller første møtet med Braaten hadde ho nokre år tidlegare, den dagen ho kom over Kongstabelen i leseboka og bad om å få lese forteljinga høgt for klassen. Mens hjula står hadde premiere i 2003, men har etter det hatt mange framsyningar rundt om i landet og slik levd sitt eige liv. Den er blitt spelt i historielag og museumsleilegheiter, den har vandra langs Akerselva, vore del av festframsyninga til Frelsesarmeens 100-årsjubileum og framsyninga har òg spelt for Rikskonsertane. No gler Unn Vibeke Hol og Braatens kvinner, frå den blåforklekledde, sterke typen til dei som treng at nokon gjev dei ei hjelpande hand, seg til å kome heim til eige kjøkken på Prøvesalen på Det Norske Teatret.



Unn Vibeke Hol har plukka av gamle og nye kjenningar mellom novellene til Braaten, og leita fram songar som høyrer tida og miljøet til. Ho lèt åndelege songar frå hundreårskiftet og eldgamle skillingsviser tale om ei tid som Oskar Braaten hjelper oss til å hugse. Visene balanserer hårfint mellom humor og alvor, men sjeldan utan eit snev av begge. Fem av novellene til Braaten har ho samla rundt seg, og ho fortel og spelar sjølv alle rollene. Med seg har ho musikarane Svein Johann Ose og Frøydis Grorud/Harald Bergersen.



– Oskar Braaten har blitt skulda for å vere idylliserande. Det er sin eigen barndom på Sagene han skriv om, slik han hugsar det frå han var fem-seks år gammal. Han ser miljøet gjennom barnet sine auge, klypper vekk det unødvendige og går rett på sak. Eg ville heller seie at det er snakk om ein slags magi – han løfter hendingane ut av røyndomen og sender inn i forteljinga akkurat det mennesket som kan hjelpe til. Nesten som i eventyra, seier Unn Vibeke Hol som i fleire år har vore med og drive den populære EventyrForteljeTeaterStunda på Det Norske Teatret. Ein kaffikopp og småkaker vankar det òg på dei som tek turen til Prøvesalen.



 

Speledagar

loading..
Premieredato:
11.9.2003
Pris:
Kr. 225
Speletid:
1 time og 20 min.

PÅ SCENEN:

MENS HJULA STÅR

Ein Oskar Braaten-kabaret
sett saman av
Unn Vibeke Hol

Regi:
Cecilia Ölveczky
Scenografi/kostyme:
Helge Hoff Monsen
Maske:
Ingun Wagner
Musikalsk ansv.:
Svein Johann Ose



Musikarar:
Svein Johann Ose og
Frøydis Grorud

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00