BAKSNAKK blir publikum invitert til diskusjon, tematisk fordjuping og kunstnarleg innsikt med sesongens premierar som utgangspunkt. Fri entré.

For å motta informasjon om BAKSNAKK - send ein e-post til marknad@detnorsketeatret.no og meld frå om dette. Det er elles mogleg å kjøpe billett til den aktuelle framsyninga, som blir spelt etter baksnakket.

Onsdag 22. september kl. 18.00:
Werther og melankolien



Med utgivinga av Goethes brevroman Unge Werthers lidingar (1774) fekk Europa si første litterære superstjerne. Ungdommar kledde seg som tittelhelten og hans ulukkelege kjærleik Lotte, parfymen Eau de Werther blei lansert, debatten rasa i samfunnet og ei sjølvmordsbølge ramma dei mest kjenslevare lesarane. Er myten sterkare enn melankolien? I panelet: Kjersti Bale, Helge Jordheim og Knut Andreas Grimstad, litteraturvitarar ved Universitetet i Oslo.

Fredag 24. september kl. 18.00: Next to Normal-vorspiel



Musikalquiz med quizmaster Atle Halstensen. Elska og utskjelt – musikalen har mange fans. I forkant av popmusikalen Next to Normal kan du varme opp med smakebitar frå musikalhistoria, Lloyd Webber, Bertolt Brecht eller Tom Waits? Vi stiller med solide songkrefter frå teatret, og musikalsterke quizdeltakarer risikerer premiar.

Torsdag 30. september kl. 18.00 på Scene 2: Ein moderne antihelt?



Goethes unge Werther har alt; pengar, intellekt og lyse framtidsutsikter. Men det er ikkje nok. Med ungdommeleg glød leitar han etter noko større. ”Det er den draumen me ber på / at noko vedunderleg skal skje.” Er det denne draumen som gjer Goethes roman Unge Werthers lidingar udødelege? I panelet: skodespelar og aktuell i tittelrolla i Unge Werthers lidingar Torbjørn Eriksen og idéhistorikar og forfattar Gudmund Skjeldal. Ordstyrar er Mari Moen, dramaturg på Det Norske Teatret.

Onsdag 6. oktober kl. 18.30 på Prøvesalen: La køntrien fløyme!



Framsyninga Køntrilåvv er ei hyllest til Ho og Han, til sentimentaliteten og til countrymusikken. Men kor greitt er det å vere sentimental og la seg røre av klisjear? Er det å høyre på countrymusikk nesten som å lure seg til å kjøpe smågodt? Litt flautt? Og er countrysjangeren musikkens peikebok? Naiv og umogen? Dette og meir til skal ut av skapet når skodespelar Ingrid Jørgensen Dragland, forfattar Ragnar Hovland og skodespelar og mannen bak Køntrilåvv Duc Mai-The samlast til Baksnakk.

Tysdag 26. oktober ca kl. 20:30 (rett etter framsyning): Spelets uimotståelege univers



Den hemmelege hagen er forvandla til eit interaktivt rollespel. Dagleg byttar millionar ut identiteten sin og går inn fargerike og høgtekologiske fantasiunivers som t.d. Age of Conan, World of Warcraft, Second Life og Entropia. Kva kjenneteikner desse hurtigutviklande rollespela og kvifor har dei slik enorm kraft på spelentusiastar? Korleis kan teatret fange opp noko av rollespelets dramaturgi, estetikk og logikk i kommunikasjon med eit ungt publikum? I panelet: Regissør Erik Ulfsby, manusforfattar Line Grünfeld og spelregissør m.fl.

Laurdag 30. oktober kl. 16.00: Neverland – eventyr eller eskapisme?



Når fantasiflukt blir brukt som smertelindring finst det knapt grenser for kva som kan døyve det uuthaldelege. I Maria Tryti Vennerøds tekst om barnet som skal døy, dempar mora sorga ved å gå inn i Michael Jacksons popunivers. Her stansar tida og ingen blir heilt vaksne. Når alt håp er ute søkjer vi kanskje alle inn dit? I panelet: Knut Andreas Grimstad, regissør Jon Tombre og litteraturvitar og forfattar Christian Refsum.




Speledagar

loading..
Premieredato:
Pris:
GRATIS!
Speletid:








 




Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00