VEDTEKTER
for
L/L DET NORSKE TEATRET
Revidert 30. mars 2003

 

§ 1

Det Norske Teatret er eit uansvarleg lag, som hev til fyremål å syna fram skodespel på norsk mål i bygd og by.

 

§ 2

Lutmedelen(aksjekapitalen) er kr. 4.908.800,- fordelt på 12.272 luter (aksjar) på kr. 400,- kvar, og utskrivne på namn. Laget (selskapet) har sete (forretningskontor) i Oslo. Lutene (aksjane) er registrerast i aksjeeigarbok.

 

§ 3

Laget har eit styre på sju medlemer. Årsmøtet vel fem av desse for to år om gongen. Årsmøtet vel óg fem varamedlemer for eitt år om gongen. Fast tilsette og heilårstilsette på teatret vel to styremedlemer med tre varamedlemer for kvar av dei. Ein av desse styremedlemene og varamedlemene hennar/hans mellom dei andre tilsette på teatret. Teatersjef og direktør kan ikkje veljast.

 

§ 4

På teatret skal det vera samarbeidsorgan til å fremja godt samarbeid i samsvar med organisasjonsmessige avtalar eller etter vedtak i styret. Slike samarbeidsorgan skal òg drøfta repertoarplanar og andre kunstnarlege spørsmål.

 

§ 5

Eit målpolitisk råd valt av årsmøtet gjev råd om korleis teatret skal fremja føremålet sitt på beste måte. Rådet kan ta opp spørsmål som gjeld både teatret og målorganisasjonane. Rådet fastset sjølv arbeidsskipnaden. Rådet har ordførar, 20 rådsmedlemer og 10 ikkje-personlege varamedlemer. Teaterstyret og dei tilsette kan vera med i rådsdrøftingane. Rådet gjev melding om arbeidet sitt til årsmøtet.

 

På val kvart år er ordføraren og 10 av rådsmedlemene og alle varamedlemene. Ordføraren vert vald i særskilt val. Varaordførar vel rådet kvart år seg imellom. Går ein rådsmedlem ut or ombodet medan det er att minst eitt år av valbolken, held årsmøtet utfyllingsval. Ingen kan ha ombod i rådet og teaterstyret samstundes. Dei valde får melding med orientering om praktiske tilhøve.

 

Rådet har to møte om året etter innkalling frå ordføraren med minst to vekers varsel. Har ordføraren og varaordføraren forfall, vel rådet ein møteleiar.

 

Teaterstyret eller minst åtte rådsmedlemer kan krevja rådsmøte. Alle saker, framlegg, avvikande syn og røystetal skal bokførast. Møteleiaren og ein rådsmedlem skriv under møteboka.
Rådet er vedtaksført når minst 11 medlemer av rådet er til stades. Står røystetalet likt, avgjer møteleiaren røystinga.

 

Ei valnemnd, som årsmøtet vel, kjem med framlegg til rådsvalet. Tenestetida i nemnda er 3 år, og såleis at årsmøtet vel ein ny medlem kvart år. Årsmøtet vel to varamedlemer kvart år med ei tenestetid på eitt år. Nemndmedlemer og varamedlemer kan ikkje ha ombod i rådet eller teaterstyret. Leiar i nemnda er frå årsmøtet av den som har lengst tenestetid. Nemnda er vedtaksfør med minst to medlemer. Valnemnda skal vera ferdig med framlegget innan siste veka av februar.

 

Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag har kvart år, innan utgangen av januar, rett til å nominere 5 av dei 10 rådsmedlemene som skal veljast, og slik at dei byter på med 3 og 2, men båe med 2 varamedlemer.

 

§ 6

Styret vel leiar og nestleiar mellom dei styremedlemene årsmøtet har valt. Styret har det allmenne og overordna ansvar for drifta av teatret og for at føremålet vert etterlevd. Det tilset teatersjef (dagleg leiar) og direktør og gjev instruksar for dei to stillingane. Styret vedtek budsjettet og fastset retningsliner for verksemda. Det skal halda seg orientert om økonomiske forhold som vedkjem teatret og sjå til at det er trygg kontroll med rekneskapen og formuesforvaltninga.

 

Teatersjefen er dagleg leiar for verksemda på teatret og skal følgja dei retningsliner som styret har vedteke. Ho/han skal leggja fram for styret saker som er uvanlege eller som har mykje å seie for verksemda på teatret.

 

Styreleiaren kan med si underskrift på vegner av styret forplikta teatret. Saker som har med lån, kausjon, pant og avhending eller kjøp av fast eigedom å gjera, skal medunderskrivast av ein av dei årsmøtevalde styremedlemene. Teatersjefen kan forplikta teatret i alle saker som er omfatta av hennar/hans funksjon som dagleg leiar for heile verksemda. Ho/han kan innanfor sitt område delegera retten til å forplikta selskapet.

 

§ 7

Styret skal sjå til at selskapet oppfyller avtalar, vilkår og føresetnader for statlege tilskotsordningar og senda Kulturdepartementet årsmelding, rekneskap med revisormelding og årsmøteprotokollen.

 

Framlegg til vedtektsendringar skal styret leggja fram for Kulturdepartementet til fråsegn.

 

§ 8

Rekneskapsåret går frå 1. januar til 31. desember.

 

§ 9

Årsmøtet skal haldast i Oslo innan utgangen av april etter skriftleg innkalling til luteigarane, sendt seinast 14 dagar før møtedagen.

 

Årsmøtet skal:

  • Velja styremedlemer og varamedlemer etter § 3, andre ledd, første og andre punktum, målpolitisk råd etter § 5 og revisor.
  • Godkjenna årsrekneskapen, årsmeldinga og honorar til revisor
  • Avgjera andre saker som styret har lagt fram av eige tiltak eller etter oppmoding frå luteigarar. Gjeld saka vedtektsendringar, må framlegget få to tredjedels fleirtal både av røystene og av aksjekapitalen attom dei om endringa skal vere vedteken.

 

§ 10

Ingen på årsmøtet kan ha råderett over meir enn 10 røyster, for seg sjølv og etter fullmakt samanlagt.

 

§ 11

Styret kan kalla inn til omframt årsmøte når minst 20 luteigarar skriftleg grunngjev eit krav om det, revisor ber om det skriftleg, eller når styret meiner det er nødvendig. Fristen for innkallinga er minst ei veke.

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00