
I samband med teatret si satsing på skoleungdom, har Det Norske Teatret knytt til seg tre satsingsskolar; Veitvet, Holmlia og Bjørnholt. I tillegg har vi eit samarbeid med Oslo musikk- og kulturskole (OMK). Skolane får innsikt i teatrets verksemd, gode tilbod og kompetanseoverføring frå ulike avdelingar på huset. Det Norske Teatret får eit ungt, engasjert og kunnskapsrikt publikum som føler seg heime hos oss!

Bjørnholt skole
Bjørnholt skole er Utdanningsetatens nye og framtidsretta 8-13 skole. Skolen er open, nyskapande og internasjonal og har ein pedagogisk profil som er basert på tema og tverrfagleg jobbing. Bjørnholt har fokus på den enkelte elevs føresetnadar og bakgrunn i læringsprosessen.
Skolen har m. a Musikk, dans og drama som utdanningsprogram og Det norske Teatret ønskjer å bruke deira kompetanse. På aktuelle framsyningar vil utvalde elevar kunne vere referansegruppe og følgje ei framsyning frå starten av prøvane til ferdig framsyning. Tilsette ved teatret, som til dømes skodespelarar, vil også kunne kome på skolebesøk. Haust 2009 var Det Norske Teatret oppdragsgjevar for Gründercamp på Bjørnholt. Dramaelevane fekk i oppgåve frå teatret å utvikle eit ungdomskort. Dette var ei reell oppgåve då eit slikt kort er på trappane. Skoleansvarleg frå teatret satt i juryen.
Veitvet skole
Veitvet skole er ein del av Groruddal-prosjektet og er såkalla kunnskapsskole. På Veitvet har 70% av elevane innvandrarbakgrunn. I tillegg til å arbeide mot skolens elevar ønskjer vi også å stimulere til besøk frå foreldra gjennom særskilte initiativ.
For å markere samarbeidet og Veitvet skoles 50-års jubileum i 2008, gjesta skolen teatrets Hovudscene med jubileumsframsyninga si 10. juni 2008. Dette var eit omfattande prosjekt der eit profesjonelt teater møtte skolens amatørteater. Framsyninga involverte rundt 330 barn på og bak scenen. I tillegg til gjestespelet bidro teatret med kompetanseoverføring, utlån av kostyme og teknisk utstyr, og gruppeleiarane i framsyninga fekk bli kjende med teatret, scenen, avdelingane og teknisk utstyr. I samband med gjestespelet bidrog Det Norske Teatret med kompetanse inn mot ulike delar av skolens kulturverksemd.
Les meir om Veitvet story 2 på Det Norske Teatret her

Holmlia skole
Holmlia skole er ein ungdomsskole som satsar spesielt på nynorsk i opplæringa. I 2005 sette dei i gang prosjektet "Sidemålsløftet - Holmlia skole" der målet var å utvikle ein god modell for sidemålsopplæringa.
Kvart skoleår har vi ei gruppe på ca 20 teaterambassadørar frå Holmlia skole. Dei får kunnskap om teatret og repertoaret og skal spreie kunnskapen vidare til sine medelevar. Det er lagt opp fleire aktivitetar slik at dei skal få den naudsynte innsikta. Dei får besøk på teatret med omvisning på huset, informasjon om verksemda, og møte med skodespelarar. I tillegg får elevane gratis prøveframsyningar til heile repertoaret og kurs i korleis ein formidlar teater. Vi har faste møter 4 gongar i året, der vi diskuterer repertoar og marknadsføring.
Dei andre elevane på skolen skal òg nyte godt av samarbeidet. Tilbod som særskilde rabattar på framsyningar, prioritet på særskilde arrangement for skolar og at gode elevarbeid (kritikkar etc.) kan blir publiserte på nettsidene til Det Norske Teatret, er i emning. Det legg eit godt grunnlag for at skolen kan bruke teaterframsyningar som læringsverktøy i undervisninga på mange ulike måtar. I tillegg får elevane eit levande møte med nynorsken og kan gjere seg nytte av sidemålet i forskjellige fag. Slik håper vi å leggje grunnlaget for gode, framtidige teateropplevingar for elevane.
