Text/HTML
Minimize

 
Skoleaktivitetar

For bestilling av framsyning og skoleaktivitetar, ta direkte kontakt med skoleansvarleg på undervisning@detnorsketeatret.no / 22 47 38 22.

 

Hovudscenen frå 3. september:
NEXT TO NORMAL
 

lykkeleg

Hovudscenen frå 15. oktober:
DEN HEMMELEGE HAGEN
 

Peter Pan

Scene 2 frå 10. september:
UNGE WERTHERS LIDINGAR
 

jungelboka

Scene 2 frå 22. oktober:
NEVERLAND

 


 

 

 

 

 

KREATIV FAGDAG

DEN HEMMELEGE HAGEN

Nytt framsyninga Den hemmelege hagen som læringsverkty for:
•    dramatisering frå bok til scene
•    modernisering av ein klassikar
•    nynorsk som scenespråk

På kreativ fagdag får elevane høve til å sniktitte på den spektakulære scenografien, lære om korleis ein dramatiserer ein tekst frå bok til scene, kva tankar som ligg bak modernisering av ein klassikar, lytte til ein skodespelar sine tankar kring nynorsk som scenespråk og lære seg kampsport! Fagdagen blir leidd av Line Grünfeld, som står bak nydramatiseringa av Den hemmelege hagen. Ho er òg kjend som ein av manusforfattarane bak NRKs kultserie Hjerte til hjerte med Linn Skåber. Koreografen for framsyninga, Belinda Braza, vil lære elevane enkle kampsport-rørsler. Fagdagen går føre seg på Hovudscenen i scenografien til Den hemmelege hagen. Les meir om framsyninga her.

Når: 22.10, 4.11, 5.11, 26.11, 3.12. Alle dagar kl. 11 –15. (Framsyning kl 17.00)
Pris: Kr 35 pr. elev for KREATIV FAGDAG, kr 160 pr. elev for framsyning
Passar særleg for: Ungdomstrinnet og vidaregåande skole

Læreplanutdrag:
Norsk, 8. - 10. Årstrinn: "Delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film"

Norsk, Vg1, Vg2, Vg3: "Sammenligne og vurdere tekster som overføres fra ett medium til et annet, bruke ulike medier for å tolke og presentere tekster fra ulike tider
analysere og vurdere argumentasjon i og påvirkning fra tekster i aviser, på TV og Internett ved hjelp av begreper fra retorikken"

Teater i perspektiv 1 og 2: "Drøfte historiske og kulturelle forutsetninger for ulike teateruttrykk, drøfte sammenhenger mellom samtidige og historiske teateruttrykk
analysere og drøfte sammenhenger og påvirkninger mellom sceneteater og andre medieuttrykk"

Teater i bevegelse 1: "Beherske grunnleggende bruk av impuls, koordinasjon og aksjon/reaksjon i trenings- og visningsarbeid, bruke dynamikk, økonomisering, energi, tyngdekraft og balanse, bruke enkle teknikker i scenekamp og klovne- og maskearbeid"

Kroppsøving Vg1 og Vg2: "Bruke treningsmetodar og øvingar innanfor spenst, snøggleik, koordinasjon og teknikk"



TITT INN I KULISSANE

DEN HEMMELEGE HAGEN

Ta med elevane på ei eksklusiv omvising i den særs originale scenografien på Den hemmelege hagen signert Nora Furuholmen. Ein skodespelar visar elevane rundt i denne fantastiske spelverda av ein scenografi! Les meir om framsyninga her.

Når: 2.11 kl. 17.00 – 17.30 (Den hemmelege hagen startar kl. 18.30)
og 3.11 kl. 15.30 – 16.00 (Den hemmelege hagen startar kl. 17.00)
Pris: Kr 35 pr. elev for TITT INN I KULISSANE, kr 160 pr. elev for framsyning
Passar særleg for: Ungdomstrinnet og vidaregåande skole

Læreplanutdrag:
Teaterproduksjon fordypning 1 og 2: "Drøfte forholdet mellom innhold, dramaturgi, spillestil og scenografiske og tekniske virkemidler eksperimentere med dramaturgi, spillestiler og scenografiske og tekniske virkemidler"

Utstillingsarbeid: "Velge og bruke belysning og belysningseffekter i utstillinger, messer, butikklokaler og scenografi, utforme forslag til opplevelsesrom, kulisser til scene, styling av rom og evenementer"




VaktmeisterenARBEIDSDEMONSTRASJON

NEVERLAND

Sjå framsyninga Neverland og bli med på ein spennande arbeidsdemonstrasjon med skodespelarar frå stykket. Dei tek elevane med på ein ABC i korleis lys, lyd og spel blir nytta i framsyninga og kva dette har å seie for innleving, stemningar og kjensler hos tilskodaren. Les meir om framsyninga her.

Når: 2.11, 3.11, 12.11 og 30.11 rett etter framsyning (Neverland startar: 2.11 og 3.11: kl. 19.30, 12.11: kl. 13.00 og 30.11: kl. 18.00)
Pris: Kr 35 pr. elev for ARBEIDSDEMONSTRASJON, kr 140 pr. elev for framsyning
Passar særleg for: 10. klasse og vidaregåande skole

Læreplanutdrag:
Norsk, 8. - 10. årstrinn: "Delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film"

Norsk, Vg1, Vg2, Vg3: "Beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde, vurdere bruk av estetiske virkemidler i ulike medier"

Teaterproduksjon 1 og 2: "Bruke musikk, dans og andre sceniske virkemidler i sjangerbestemt forestillingsarbeid, drøfte forholdet mellom produksjonskonsept og skuespillerens arbeid, drøfte spillestil, virkemidler og tilnærmingsmåter"




PÅ SCENEKANTEN

UNGE WERTHERS LIDINGAR

Møt skodespelarane som har hovudrollene i Unge Werthers lidingar til samtale før og etter framsyninga. Før framsyninga fortel dei om arbeidsprosessen, utfordringar i møtet med teksten og om tematikken i stykket. Etter framsyninga møter elevane skodespelarane igjen til samtale om det dei har sett og opplevd. Kanskje har skodespelarane spørsmål til elevane òg? Les meir om framsyninga her

Når:17.9 før og etter framsyning (framsyninga startar kl. 13.00)
21.9 før og etter framsyning (framsyninga startar kl. 19.30)
Pris: Kr 35 pr. elev for PÅ SCENEKANTEN, kr 140 pr. elev for framsyning
Passar særleg for: 10.klasse og vidaregåande skole

Læreplanutdrag:
Fremmedspråk 10.kl/Vg2 – Språk, kultur og samfunn: "Gi uttrykk for opplevelser knyttet til språkområdets kultur"

Fremmedspråk Vg2/Vg3 - Språk, kultur og samfunn: "Beskrive sentrale sider ved språkområdets kultur og gi uttrykk for opplevelser knyttet til dette"

Teaterproduksjon 1 og 2: " drøfte tilnærmingsmåter til ulike sjangrer, drøfte forholdet mellom produksjonskonsept og skuespillerens arbeid, drøfte spillestil, virkemidler og tilnærmingsmåter"







 
 
 
 
 
 

 

 

 
 
 

 

 

Powered by web hosting

 

Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00