Text/HTML
Minimize

Kreativ læring

Ønskjer du og elevane dine å lære meir om fleire sider ved teatret? Vil du nytte teatret som læringsverktøy i ulike fag? Eller kva med å nærme seg nynorsken på ein spennande og utradisjonell måte?

Å nytte teater i undervisninga er ein variert og lærerik måte å tileigne seg kunnskap på. Det Norske Teatret gjer teaterstoffet relevant og pensumretta. Derfor tilbyr vi ikkje berre høgaktuelle framsyningar, men også ulike læringsverktøy i samband med aktuelle stykke. Vi peikar på kva for fag og læreplanar dei ulike framsyningane særleg eignar seg for, og utarbeider skolemateriell med dette i tankane. I tillegg tilbyr vi ulike arrangement i samband med framsyningane. Dette vil gi ei totaloppleving av både teaterstykke og tematikk, og vil føre til auka læring og forståing av stoffet. Derfor har vi valt å kalle ei slik pakke 360° teater.

Kreativ læring

360° teater

Kvar sesong set vi fokus på eit par framsyningar vi meiner eignar seg særskild for skolegrupper. I tilknyting til desse framsyningane ønskjer vi at elevane skal få ein totaloppleving av teater - 360° teater. Til desse framsyningane tilbyr vi derfor ulike aktivitetar som vil gi elevane større utbytte av framsyningane dei skal sjå.

Døme på kva 360° teater kan innehalde:

  • Fagdagar: Ein dag med både tematisk inngang til og deltaking frå elevane knytt til eit spesielt fag.
  • Pedagogisk materiell: Ein pedagogisk innfallsport til framsyningar som medverkar til auka læring hos elevane.
  • Introduksjon ved regissør/dramaturg: Ei kort innføring i innhald, tematikk, dramaturgi etc.
  • Møte med skodespelar: Elevane får høve til å møte og stille spørsmål til ein eller fleire skodespelarar.
  • Arbeidsdemonstrasjon: Gir elevane innblikk i korleis ein jobbar fram mot ferdig framsyning.
  • Teaterverkstad: Gjennom aktiv deltaking får elevane jobbe med til dømes spelestil, teknikkar og tematikk frå framsyninga.


   Sjå skoleaktivitetar for kva vi tilbyr hausten 2010.

360° teater

Print  

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00