Les meir

 

Å bli litt klokare

Teatret skal ta opp dei store spørsmåla og vise dei store kjenslene. Klar logikk og hysteri. Vi skal tolke nye stemmer, men òg formidle dei klassiske forteljingane med notidas auge og kunnskap.

Haustsesongen opnar med Jesus Christ Superstar. Rockeoperaen vekte både jubel og protestar da den kom. Dette vil bli ein annleis kveld i teatret for publikum. Vi er glade for at vokalisten i Turboneger, Hans-Erik Dyvik Husby, er den som skal skildre Jesus’ siste dagar. Vi plasserer historia inn i vår eiga samtid og stiller spørsmålet om kva som hadde skjedd om Jesus kom no, og ikkje for over 2000 år sidan.

I oktober kjem ei kjærleikserklæring til Alf Prøysen, Du ska få en dag i mårå…. ei familieframsyning henta frå Prøysens fantasilandskap. Dette blir ei feiring av ein forfattar som har stått sentralt i repertoaret på Det Norske Teatret. Kven andre kunne vel skrive og setje i scene denne framsyninga enn Runar Borge? Han har vore ein av dei viktigaste medarbeidarane og instruktørane ved teatret i 35 år. Borge og Prøysen blir eit sterkt par, og vi gler oss!

Vi er òg stolte over noregspremiere på Den store landevegen av August Strindberg. Utruleg nok er dette siste stykket av den store dramatikaren aldri blitt fanga opp av norsk teater. Den store landevegen er eit sjølvransakande drama, på mange vis ei oppsummering av diktarens liv, som munnar ut i djup sjølvinnsikt. Det verste i livet var smerta ved å ikkje kunne vere den ein ville.

Jon Eikemo hadde stor suksess med framsyninga Jakob Sande & Jon Eikemo… trur eg… No går han i gang med eit nytt diktarportrett; Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk. Jon og Per Sivle har følgt kvarandre tett gjennom mange, mange år. No skal dei smeltast saman på scenen. Det kjem til å bli både vesentleg og rørande.

Lars Norén har vore ein sentral dramatikar på Det Norske Teatret dei siste 25 åra. Vi har hatt noregspremierar og verdspremierar på fleire av stykka hans. I 2001 hadde vi verdspremiere på November, som Norén sjølv sette i scene. November blei ein stor suksess både for Norén og Det Norske Teatret. Derfor er vi stolte av at han skriv eit nytt drama for oss. Lys er eit teaterstykke fullt av gåter som blir skildra med kjærleiksfylt humor og klokskap.

Eg er sikker på at de vil bli litt klokare av å vere i Det Norske Teatret denne hausten. Velkommen.

Powered by web hosting

 

Vidar Sandem
Vidar Sandem,
teatersjef
 

Try this risk free web hosting

Loading
 
 
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO      Billettluka: (+47) 22 42 43 44      Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00