Barneteater og familieframsyningar har ein lang og stolt tradisjon på Det Norske Teatret. Nokre av våre største kunstnarlege suksessar dei siste åra har vore heilt nye stykke for barn på Hovudscenen, som t.d. det luftige eventyret Peter Pan (2007/2008), spenningsforteljinga Fyrverkerimakarens dotter (2006) og nysirkusframsyninga Trollprinsen (2004/2005). Som ledd i ei offensiv satsing på godt barneteater, finn du kvart år eit eller fleire barnestykke på speleplanen.
EVENTYRFORTELJETEATERSTUND
Eventyrforteljeteaterstund for barn og vaksne er blitt ein stor suksess på ein liten scene. Laurdagar kl. 13.00 kjem barn og vaksne saman til ei fantasireise, ei stund for undring i foajeen utanfor Scene 2. Stille som mus sit ungane på puter og lyttar til kjende og ukjende eventyr.
Billettar: Kr 50.
