
EventyrForteljeTeaterStund for barn og vaksne er blitt ein stor suksess på ein liten scene. Laurdagar kl. 13.00 kjem barn og vaksne saman til ei fantasireise, ei stund for undring i foajeen utanfor Scene 2. Stille som mus sit ungane på puter og lyttar til kjende og ukjende eventyr.

Sigve Bøe, Ragnhild Hilt, Unn Vibeke Hol, Marit Kolbræk og Wenche E. Medbøe står bak EventyrForteljeTeaterStund. Dei er alle frå teatrets faste ensemble, og driv denne vesle forteljarscenen på 9. året på rad ved sida av arbeidet på teatret.
Gjennom åra har dei fortalt meir enn 100 ulike historier. Dei har eventyr og forteljingar frå mange land, og songar som ungane syng med i. Her kan du møte løva som ikkje kunne brøle, Blåoksen som sloss med troll med mange hovud, eller dei som laga suppe på ein spikar. Her er fanden i nøtta og skrinet med det rare i.... og Fuglekongen som var så lur. Om vinteren fortel dei gjerne om skinnvotten som var så god og varm sjølv om den hadde lege ute heile natta.
Velkommen til EventyrForteljeTeaterStund!
Speledagar
Premieredato:
Pris:
Kr 50
Speletid:
ca 45 min.
Kristian IVs gt 8, N-0164 OSLO
Billettluka: (+47) 22 42 43 44
Sentralbord Adm: (+47) 22 47 38 00